Domarr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Domarr var ein halvmytisk konge av ynglingeætta i Svitjod, far til Dygve og son av Domalde. Om han fortel Snorre Sturlason at han rådde lenge, og at det var gode åringar i hans tid. Han sottdøydde i Uppsala og er brend på Fyrisvollane, der det og vart reist bautastein over han.

Ynglingatal seier det slik:

Tidt eg hev
etter haugen hans Yngve
vise mennar
mykje spurd,
om kor Domarr
på den dynjande
Halvs-banen
borin vart.
No eg veit,
at verk-bitin
frenden hans Fjolne
ved fyri brann.

Den eldste Noregshistoria nemner berre at Domarr døydde i Sverike. Ynglingatal gjev hint om at kongen var gamal då han døydde (verk-bitin = råka av gikt).