Domenichino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vegen til Golgata, ca 1610
Ofringa av Isak, 1627-28

Domenico Zampieri, betre kjend som Domenichino, (21. oktober 158115. april 1641) var ein framifrå italiensk målar og arkitekt, aktiv under barokken. Domenichino, som var ein del av den såkalla Bologna-skulen, og Annibale Carracci var to av få italienske landskapsmålarar i barokken og inspirerte neste generasjons målarar, fremst Claude Lorrain.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Han vart fødd i Bologna, der far hans var skomakar. I heimbyen gjekk han i lære hos Denis Calvaert. Snart reiste han avgarde for å arbeide i Accademia degli Incamminati med Carracci-brørne. I 1601 flytta han til Roma og var lærling hos Annibale Carracci. Domenichino arbeidde saman med erfarne målarar som Francesco Albani og Guido Reni, samt den seinare rivalen Giovanni Lanfranco.

Grunna storleiken fekk han tilnamnet «litle Domenico». I Roma var han med å dekorere Palazzo Farnese; der måla han tre mytologiske landskap. Han fekk også i oppdrag å dekorere Cappella dei Santissimi Fondatori i abbediet i Grottaferrata (1608–10), samt å lage freskomåleria i Sant'Onofrio. I tillegg tok han del i utsmykkinga av Palazzo Mattei (1606–07) og Villa Odescalchi. Han arbeidde i lag med Reni på freskane i Oratorio di Sant'Andrea og med freskane i San Gregorio Magno. Hans neste oppdrag var eit veggmåleri av den heilage Cecilia i San Luigi dei Francesi-kyrkja (1613–14).

Domenichino måla også veggmåleri i San Silvestro al Quirinale, San Carlo ai Catinari, Santa Maria in Trastevere, Sant'Andrea della Valle og Santa Maria della Vittoria i Roma og i Villa Aldobrandini i Frascati.

I 1630 flytta han til Napoli for å arbeide på ein serie freskar over livet til helgenen Januarius i Cappella del Tesoro. Den såkalla Napoli-gruppa, som bestod av målarane Belisario Corenzio, José de Ribera og Caracciolo slo seg saman for å motarbeide konkurrenter som ikkje var frå Napoli. Dei gjekk i lag og kritiserte Domenichinos verk. Etter han var død oppstod eit rykte om at han hadde vorte forgifta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Domenichino

Kjelder[endre | endre wikiteksten]