Domenico Cimarosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Domenico Cimarosa

Domenico Cimarosa
Fødd17. desember 1749
FødestadAversa i Italia
Død11. januar 1801 (51 år)
DødsstadVenezia
OpphavRepublikken Venezia
PeriodeKlassisismen
SjangerOpera, klavermusikk, solokonsert
Verka somKomponist

Domenico Cimarosa (fødd 17. desember 1749 i Aversa i provinsen Caserta, død 11. januar 1801 i Venezia) var ein italiensk operakomponist frå den napolitanske skulen. Han skreiv meir enn 80 operaer, mellom anna meisterverket Il matrimonio segreto (1792).

Liv[endre | endre wikiteksten]

Cimarosa var son av ein fattig murar og kom frå ein arbeidarklassefamilie. Han studerte musikk ved Conservatorio Santa Maria di Loreto frå 1761 til 1772. Av lærarane hans var den kjende Niccolò Piccinni, rivalen til Christoph Willibald Gluck i Frankrike. Den første operaen hans var Le stravaganza del conte. Han hadde premiere i Napoli i 1772 og vart så suksessrik at Cimaros raskt vart respektert. Cimrarosa var dei neste åra i Roma og Napoli og komponerte over 20 operaer for desse to byane. Operaene hans vart sett opp internasjonalt i Paris, Wien, Dresden og London. I 1787 inviterte Katarina II han til St. Petersburg. Under opphaldet i Russland held Cimraosa fram med å komponere i høgt tempo. La Cleopatra og La vergine del sole er to verk som vart sett opp i 1788. Etter kvart tilsette Leopold II av Austerrike han som kapellmeister i hoffet hans i Wien, ei stilling som var ledig etter Antonio Salieri. Ein av dei største suksessane til Cimraosa i Wien var Il matrimonio segreto, ein fornøyeleg komisk opera full av nyskaping, som raskt gjorde keisaren til lags.[1]. Han gav heile besetninga middag og fekk dei til å framføre heile operaen på ny same kvelden. Sjølv om han mangla djupna til Mozart, hadde musikken til Cimrarosa noko av den same kvaliteten som Mozart,[1] særleg når det kom til komisk opera buffa.

Etter keisaren døydde, vart Salieri igjen kapellmeister og Cimarosa vart sagt opp. Han forlet Wien og reiste attende til Napoli der han vart tilsett hos kongen. Han vart hylla i Napoli som ein stor helt og hans Il matrimonio segreto vart framført 57 gonger. Dei siste leveåra til Cimraosa var derimot meir ulukkelege. Då den franske republikanarhæren marsjerte inn i Napoli, erklærte Cimraosa entusiastisk støtta si til revolusjonen. Etter at dei hadde trekt seg attende, vart han kasta i fengsel og dømd til døden. Kongen sleppte han omsider fri, men forviste han frå Napoli. Cimarosa prøvde å reise attende til Russland, men døydde i Venezia i 1801. På grunn av rykta om at han vart forgifta måtte styresmaktene utføre ein obduksjon på han.

Verk[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til operaer skreiv Cimrosa oratorium, messer, kantatar og noko instrumental musikk.

Nokre av dei mest kjende verka hans er

  • Le Astuzie Femminili, opera
  • Solokonsert for to fløyter og orkester i G-dur frå 1793
  • Klaversonate i G-dur
  • Klaversonate i g-moll
  • Il Maestro Di Cappella, intermezzo for baryton og orkester
  • Il Matrimonio Segreto, opera frå 1793
  • Obokonsert i C-dur/c-moll
  • Kvartett for fløyte, fiolin, bratsj og cello, nr. 1-6
  • Il Falegname, opera 1780
  • Giuditta 1782
  • Ballerina amante, opera
  • Sacrificio Di Abramo 1786
  • Traci Amanti, opera 1793

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Domenico CimarosaAllmusic av Rita Laurance. Henta 22. juli 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Manuskript på nettet