Domesday Book

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Domesday Book (engelsk), «Dommedagsboka», er ein matrikkel for landeigedom i England. Opplysningane var nedteikna etter befaling frå Vilhelm Erobraren i tida frå desember 1085 til august 1086.

Ei side i Domesday Book

Matrikkelen var utarbeidd fordi normannarane mangla oversyn for å kunne krevje inn riktige skattar frå landet dei hadde erobra i England. Verket omfattar ikkje heile England, mellom anna manglar London, truleg fordi ei registrering der ville blitt for omfattande. Likevel er boka ei svært viktig kjelde for informasjon om tilhøva i England for nær tusen år sidan.

Domesday Book er skriven på pergament, og har eit band i folio- og eit i kvartformat. Boka i kvartformat inneheld ei nedteikning av eigedommane i tre grevskap, og er truleg ein del av det opphavlege eigedomsregistret; skriftet i folioformat inneheld ei oversikt over eigedommane i tretti andre grevskap, og er truleg eit samandrag av originalen. Totalt skal verket ha innehelde oppgåver over 13 418 forskjellige busetnader i England sør for Ribble og Tees, som den gongen utgjorde grensa mot Skottland.

Opplysningane vart innsamla ved at innbyggarane i kvar landsby vart samla og under eid måtte gjere greie for kvar einskild eigedom, både omfang og verdi. Dei nedskrivne opplysningane som fanst i boka fekk sidan verdi som fremste prov i rettssaker som gjaldt tvist om landeigedommar –dommen stod då fast som dommen på dommedag; derav namnet på boka.

«Dommedagsboka» vert oppbevart i London's Public Record Office. I 1783 kom ho i ei trykt utgåve i to band (med to supplementsband 1811-1816). Ei faksimileutgåve av ein del av det gamle handskriftet vart utgjeven i 1862. «Dommedagsboka» har gjennom åra vore gjenstand for ivrige og inngåande studie, og ho har gjeve verdifulle bidrag til forståinga av Englands økonomiske og kulturelle historie i den tidlege mellomalderen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]