Dominans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dominansen («sekundærfaktoren») til toppen B blir målt mot A fordi C ligg lengre vekke

Dominans (òg sekundærfaktor, på engelsk topographic isolation ) er den horisontale avstanden frå ein fjelltopp til det næraste punkt som er høgare i terrenget. «Dominante» fjelltoppar ligg altså langt frå eit høgare punkt i terrenget og kan derfor ofte by på god utsikt. Ein forholdsvis låg fjelltopp med stor sekundærfaktor kan ha langt betre utsikt enn ein høgare topp med liten sekundærfaktor.

Utsiktsarealet frå ein fjelltopp er ikkje nødvendigvis proporsjonal med dominansen, men høgare dominans gjev som regel større utsiktsareal enn lågare.

Som eining for dominans nyttast oftast kilometer.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]