Dominikanarordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illustrasjon frå 1462 av korleis dominikarmunken Ascelin av Cremona blir send til mongolleiaren Baiju av pave Innocens IV.
Heilage Dominikus måla av dominikanaren Fra Angelico.
Heilage Agnes av Jesus var ei abbedisse av dominikanarordenen.

Dominikanarordenen er ein katolsk religiøs orden som oppstod i høgmellomalderen. Ordenen blei stifta i Toulouse i 1215 av spanske presten Dominikus etter augustinarregelen, og godkjend året etter av pave Honorius III. Dominkanarane omfattar tre ordenar: Munkar i Ordo fratrum praedicatorum (O.P.), 'ordenen av preikebrør' eller den første ordenen, nonner som dei dominkanske systrene eller den andre ordenen, og lekfolk i lekdominikanarane eller den tredje ordenen.

Dominikanarmunkar er kjenneteikna av den svarte kappa dei ber over ein kvit habitt, og er derfor kjend som «svartebrør» på folkemunne nokre stader. Dei skil seg dermed frå «kvitebrør» (karmelittordenen) og «gråbrør» (fransiskanarordenen), medan augustinarordenen har ein liknande klednad. I Frankrike er dominikanarar kjend som jakobinarar, ettersom det første klosteret deira i Paris var bygd nær Jakobskyrkja der.

I Noreg finst det dominikanarar ved St. Dominikus kloster, Lunden kloster og Sta. Katarinahjemmet i Oslo og ved Mariaklosteret i Bodø.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dominikanarordene og den samtidige fransiskanarordenen blei danna som ei ramme for tiggarmunkar som streifa rundt i Europa i mellomalderen. Ordenen spreidde seg raskt i Europa, og omfatta etter ti år 12 provinsar: Spania, Sør-Frankrike (Provincia), Nord-Frankrike (Francia), Nord-Italia (Lombardia), Roma og Sør-Italia (Romana), Ungarn, Tyskland, England, Polen, Skandinavia (Dacia), Aust-Middelhavet (Grecia) og Det heilage landet som omfatta dagens Israel, Syria og Kypros. Rundt 1500 hadde han 23 provinsar, og spreiinga fortsette i Den nye verda. Det første klosteret deira grunnlagd i Santo DomingoHispaniola, i det som no er Den dominikanske republikken, i 1512.

I løpet av 1500-talet mista ordenen fleire provinsar, som Skandinavia på grunn av reformasjonen og Ungarn, som blei erobra av osmanarane. Likevel voks ordenen til sitt størrste ved byrjinga av 1700-talet, då han omfatta 48 provinsar, over 1 000 kloster og rundt 25 000 ordensbrør. Deretter førte hendingar som den franske revolusjonen og anna uro til ein talmessig tilbakegang, og ordenen forsvann i mange land. Frå 1800-talet såg dominkanarane fornying og ny vekst takka vere den liberale Jean-Baptiste Henri Lacordaire. Ved byrjinga av 2000-talet omfatta ordenen 44 provinsar med 617 kloster, rundt 5 000 ordensbrør, 3 200 systrer, fleire titals tusen lekmedlemmer og rosenkransbønefellesskapet, med meir enn to millionar medlemmer.

Kjende dominikanarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dominikanarordenen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.