Dominique de Villepin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dominique de Villepin i 2010.

Dominique de Villepin (fødd 14. november 1953) er ein fransk politikar som var statsminister i Frankrike frå 2005 til 2007. Han representerer det konservative partiet Union pour un mouvement populaire (UMP, 'Unionen for ei folkerørsle') som før 2002 heitte Rassemblement pour la République (RPR).

Dominique Marie François René Galouzeau de Villepin er fødd i Rabat i Marokko som son av ein diplomaten og senatoren Xavier de Villepin og kona Yvonne Hétier. Han studerte ved École nationale d'administration og Institut d'études politiques de Paris, og hadde ein kortvarig diplomatisk karriere.

På 1980-talet blei han kjend med Jacques Chirac og blei etterkvart ein nær rådgjevar. I 2002 blei han utnemnd til utanriksminister og i 2004 blei han innanriksminister. 31. mai 2005 blei han statsminister etter Jean-Pierre Raffarin. Han gjekk av som statsminister 17. mai 2007 etter demonstrasjonar mot nye arbeidslovar han ville innføra og den andre Clearstream-saka. De Villepin har aldri vore folkevald til noko verv.

19. juni 2010 offentleggjorde de Villepin grunnlegginga av eit nytt parti, République solidaire. Han blei likevel også verande i UMP.

De Villepin er også forfattar og har skrive diktsamlingar og historiebøker.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dominique de Villepin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.