Domkyrkjebyggjaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bøkene i Dansen gjenom skuggeheimen

Domkyrkjebyggjaren (1921) er det sjette bindet i den episke kronologien[1] til romanserien Dansen gjenom skuggeheimen av Kristofer Uppdal. I denne romanen møtest dei to hovudpersonane Tørber Landsem og Ølløv Skjølløgrinn som tillitsvalde i Kristiania, og det er også deira namn som er brukte som undertittel på romanen. Bindet kan sjåast på som ein overgang frå den skildringa av lære- og vandreår som desse to hadde gjennomlevd i den andre, tredje og fjerde boka, og inn i ein ny, organisasjonsbyggjande fase. Uppdal sitt stikkord til romanen var «Dådshug og tru», som kan forståast som at det no er tid for handling.

Mykje av handlingen i romanane i serien knyt seg til organisasjonsarbeid, vegval og leiarskap i Norsk Arbeidsmandsforbund og LO, og aktviteten i og ut frå Folkets Hus i Oslo. Her frå opninga av det fyrste Folkets Hus i 1907.

I det fyrste kapittelet vert gjenfortalt eit samandrag av handlinga frå dei tidlegare bøkene frå Tørber sin synsvinkel, og det vert også forklart kva Ølløv har opplevd sidan sist: Under gruvearbeid på Grønland møtte han danske arbeidarar som lærde han om fagorganisering. Og «då Skjølløgrinn kom heim til Noreg att, fekk han til å samle rallarane i eit forbund. Sjølv vart han formann i forbundet». Han er ein visjonær leiar, som har Bibelen og Karl Marx sine skrifter side om side i bokhylla, og som tenkjer på organisasjonsutviklinga som å «byggje ei domkyrkje» – ikkje ulikt Uppdal sin eigen visjon for romanverket. Tørber vert i byrjinga av romanen tilsett i forbundet som sekretær og læregut. Tråden tilbake til dei tidlegare bøkene vert synleggjord ved at boktitlane vert kursiverte når dei er med som ord i den løpande teksten.

Hovudmotivet i romanen er venskapstilhøvet mellom dei to mennene, og dei motsetnadene som dei to står oppe i som organisasjonsleiarar: spenninga mellom teoretiske og praktiske erfaringar, avstand og mistru mellom meinige medlemmer og valde tillitsmenn, og politisk usemje mellom ei revolusjons- og ei reformlinje. Uppdal og hovudpersonane hans er motstandarar av den revolusjonære linja til Fagopposisjonen av 1911. Mot slutten av romanen vert Ølløv arrestert, og dømd for underslag. Tørber vert vald som etterfølgjaren hans. Kona til Ølløv, Ambjør, giftar seg deretter med Ølløv sin motmann Odd Klampan. Ambjør er systera til Mildrianna, som Tørber giftar seg med i dei siste kapitla i romanen.

Romanen gjev også eit godt bilete av Kristiania anno 1900.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hovudkjelda for omtalane av dei enkelte binda i verket er Leif Mæhle sine føreord til kvart bind i nyutgåva frå 1985–1991 og presentasjonen av romanane på nettstaden uppdal.no