Don't Be Cruel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Don't Be Cruel
Singel av Elvis Presley
B-side «Hound Dog»
Utgjeve 13. juli 1956
Innspelt 2. juli 1956 i New York
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:04
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) Otis Blackwell, Elvis Presley
Produsent Steve Sholes, Elvis Presley
Elvis Presley-kronologi
«I Want You, I Need You, I Love You»
(1955)
Don't Be Cruel «Blue Suede Shoes»
(1956)

«Don't Be Cruel» er ein song skrive av Otis Blackwell og innspelt av Elvis Presley i 1956. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 197. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

«Don't Be Cruel» vart gjeve ut som singel på RCA Records med «Hound Dog» som B-side.[1] Begge sidene gjekk derimot til topps på salslistene. Singelen var den første som gjekk til topps på alle dei tre Billboard-listene: pop, rhythm & blues og country & western.

Singelen vart spelt inn i lag med Scotty Moore på sologitar, Bill Black på bass, D.J. Fontana på trommer og korsong frå the Jordanaires. Innspelinga vart gjort 2. juli 1956. Steve Sholes frå RCA står oppført som produsent, men frigjevne lydopptak i samband med innspelinga viser at Elvis sjølv produserte songane som vart spelt inn denne dagen. Presley valde ut songen, arrangerte songen sjølv på piano og spelte inn åtte forsøk på songen. Forsøk 7 vart nytta på singelen. «Hound Dog» vart spelt inn same dag i 30 forsøk, der nummer 28 vart nytta på singelen. «Any Way You Want Me» vart òg spelt inn denne dagen. Singelen med «Don't Be Cruel» og «Hound Dog» vart gjeve ut 13. juli 1956.

Presley er blitt godskriven som opphavsmann til songen fordi han endra både musikken og teksten på Otis Blackwell sin demo.

Presley, Moore, Black, Fontana og the Jordanaires framførte «Don't Be Cruel» på nasjonalt fjernsyn 9. september 1956 på the Ed Sullivan Show.[2]

Songen nådde toppen av poplista 18. august 1956 og vart verande på toppen 11 veker i strekk, og var i lag med «The Third Man Theme» av Anton Karas i 1950 og «Cry» av Johnnie Ray i 1951-1952 den songen som låg lengst på toppen av lista før «End of the Road» av Boyz II Men i 1992.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Av artistar som har spelt inn songen finn ein

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hound Dog»/«Don't Be Cruel».
  2. Elvis' Television Appearances 1956 - 1973