Don't Give Up av Peter Gabriel og Kate Bush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Don't Give Up
Singel av Peter Gabriel og Kate Bush
frå albumet So
B-side «In Your Eyes (Special Mix)», «This is the picture» (UK); «Curtains» (USA)
Utgjeve oktober 1986
Innspelt 1985
Sjanger Kunstrock
Lengd 5:55
Selskap Geffen Records
Låtskrivar(ar) Peter Gabriel
Produsent Daniel Lanois og Peter Gabriel
Peter Gabriel-kronologi
«Sledgehammer» (1986) Don't Give Up «Big Time» (1987)

«Don't Give Up» er ein song skriven av Peter Gabriel og spelt inn som ein duett med Kate Bush for albumet So av Gabriel. Singelversjonen låg elleve veker på den britiske singellista i 1986 og nådde ein niandeplass der. Versa som var sungen av Gabriel, skildrar dei isolerte og fortvilte kjenslene hos ein mann, medan refrenga, sungen av Bush, inneheld ord om håp og oppmuntring.

To videoar vart laga for songen av Godley & Creme. Den første bestod av eit enkelt opptak av songarane som omfamnar kvarandre, medan sola vart formørka og kjem fram att. Den andre syner andleta til Gabriel og Bush over ein film av ein by og folka i byen i forfall.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

«In this proud land we grew up strong
we were wanted all along
I was taught to fight, taught to win

I never thought I could fail»
Peter Gabriel
Peter Gabriel og Kate Bush-versjonen

12" (UK)

  1. «Don't Give Up»
  2. «In Your Eyes (Special Mix)»
  3. «This is the picture»

12" (USA)

  1. «Don't Give Up»(LP version)
  2. «Don't Give Up»(edit)
  3. «Curtains»

Limited Edition 7" poster sleeve

  1. «Don't Give Up»
  2. «In Your Eyes (Special Mix)»

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Irland 4
Nederland 5
Australia 5
Storbritannia 9
New Zealand 16
Tyskland 27
Canada 40
USA 72

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Secret World Live-turneen song Gabriel songen med Paula Cole og i 2011 med Ane Brun på albumet New Blood i 2011.

Máire Brennan spelte ein versjon av songen som bonusspor i 1999 på albumet Whisper to the Wild Water. Ein annan versjon vart spelt inn av australske Shannon Noll og Natalie Bassingthwaighte. Songen vart spelt inn av Willie NelsonAcross the Borderline, produsert av Don Was, Paul Simon og Roy Halee, med Sinéad O'Connor på den kvinnelege vokalen.

I desember 2005 spelte Alicia Keys og U2-frontmannen Bono songen, med namnet «Don't Give Up (Africa)» for World AIDS Day. Singelen vart berre gjeve ut på iTunes og som ein ringetone hos Cingular Wireless. Fortensta av salet gjekk til Keep a Child Alive.

Andre artistar som har spelt inn songen er The Shadows, Gregorian og Sarah Brightman, Jody Watley, Show of Hands, Xavier Naidoo, Take 6, Jimi Mbaye, Tara MacLean, Shark, Tina Arena og Jeff Martin, The Midway State med Lady Gaga, P!nk og John Legend, Tarja Turunen med Liv Kristine (Leaves' Eyes), [David Archuleta]], og Take That.

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Songen vart nytta under rulleteksten til thrilleren The Bone Collector med Denzel Washington og Angelina Jolie, i fjernsynsfilmen Perfect Body, i ein episode av Miami Vice, ein episode av Kids Incorporated, under rulleteksten til filmen In God's Hands og ein episode av fjernsynsserien Cold Case.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]