Don't Go Breaking My Heart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Don't Go Breaking My Heart
Singel av Elton John og Kiki Dee
B-side «Snow Queen»
Utgjeve 21. juni 1976
Sjanger Pop
Lengd 4:28
Selskap Rocket Records
MCA Records (US/Canada)
Låtskrivar(ar) Ann Orson (Elton John)
Carte Blanche (Bernie Taupin)
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi
«Grow Some Funk of Your Own»/«I Feel Like a Bullet (In the Gun of Robert Ford)»
(1976)
Don't Go Breaking My Heart «Sorry Seems to Be the Hardest Word»
(1976)

«Don't Go Breaking My Heart» er ein duett av Elton John og Kiki Dee. Han vart skriven av Elton John og Bernie Taupin under pseudonymet «Ann Orson» og «Carte Blanche» (eit ordspel på uttrykket «an horse and cart, blanche»). Songen må ikkje forvekslast med songen av Burt Bacharach/Hal David med same namn spelt inn i 1966 av Dionne Warwick.

Som med fleire av singlane til Elton John i 1970-åra vart ikkje songen gjeven ut på eit originalt album (men vart spelt inn samstundes med Blue Moves). Songen vart derimot gjeven ut på Elton John's Greatest Hits Volume II i 1977. Han har sidan vorte flytta til «Volume 3»-samlinga Greatest Hits 1976–1986. Utgåva av Rock of the Westies frå 1975 har med songen som eit bonusspor. I 2002 vart songen òg gjeven ut på Elton John's Greatest Hits 1970-2002.

«Don't Go Breaking My Heart» vart den første singelen til John som gjekk til topps på singellista i Storbritannia, og låg der i seks veker i midten av 1976. Songen gjekk òg til topps i USA, der han selde til gull. I Noreg nådde singelen femteplass.

I 1978 var Elton John gjest på The Muppet Show og framførte songen i lag med Miss Piggy. I 1985 framførte John og Dee songen på Wembley Stadium under Live Aid-konserten. I 1987 song Elton songen med Minni Mus på NBC-serien Totally Minnie. Han song òg songen i lag med Spice GirlsITV-hyllesten An Audience With Elton John.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er RuPaul (i lag med ELton John), Tom Jones og Lynn Anderson, Greg Evigan og Pink Lady, The Mr. T Experience, Alien Crime Syndicate, Anne Hathaway og Jesse McCartney i filmen Ella Enchanted, Katie Price og Peter Andre.

Hip hop-artisten Ol' Dirty Bastard og R&B-songaren Macy Gray spelte inn ein song laus basert på «Don't Go Breaking My Heart».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]