Don't Let the Sun Go Down on Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Don't Let the Sun Go Down on Me
Singel av Elton John
frå albumet Caribou
B-side «Sick City»
Utgjeve 20. mai 1974
Innspelt Caribou Ranch
Sjanger Softrock
Lengd 5:35
Selskap MCA, DJM, Rocket/Phonogram
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi
«Bennie and the Jets»
(1974)
Don't Let the Sun Go Down on Me «The Bitch Is Back»
(1974)
Don't Let the Sun Go Down on Me
Singel av George Michael/Elton John
Utgjeve 30. november 1991
Innspelt Wembley Arena, London
Sjanger Rock, pianorock
Lengd 5:47
Selskap Columbia, Epic
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Produsent George Michael
George Michael-kronologi
«Cowboys and Angels»
(1991)
Don't Let the Sun Go Down on Me «Too Funky»

«Don't Let the Sun Go Down on Me» er ein song av Elton John med tekst av Bernie Taupin på albumet Caribou frå 1974. Songen vart gjeven ut som singel same året.

På refrenget er blåsearrangement gjort av Del Newman, og Beach Boys-medlemmane Carl Wilson og Bruce Johnston, samt Toni Tennille syng korvokal. Med på songen er òg Ray Cooper på perkusjon og Dave Hentschel på mellotron.

Det vart spelt inn eit konsertopptak den 14. desember 1986 som er gjeven ut på Live in Australia with the Melbourne Symphony Orchestra. Ei forkorta utgåve av denne innspelinga vart gjeven ut som singel i 1987 og finst på To Be Continued....

I 1991 spelte John inn songen som ein duett med George Michael og singelen vart ein stor suksess. Paret hadde sunge songen i lag på Live Aid i 1985. Singelen var spelt inn under ein konsert på Wembley Arena i London den 25. mars 1991 då Elton John var gjesteartist for George Michael. Duetten vart ein stor hit på begge sider av Atlanteren og nådde toppen av lista i mellom anna Storbritannia, USA og Noreg. Denne versjonen finst på John-albumet Love-songar. Inntektene frå singelen vart delt mellom 10 forskjellige veldedige organisasjonar for born, AIDS og utdanning.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåva av «Don't Let the Sun Go Down on Me» nådde 16. plass i Storbritannia og andreplass i USA. I Canada gjekk han heilt til topps og vart den femte listetoppen hans i det landet.[1]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Don't Let the Sun Go Down on Me» har vore ein populær song for mange andre artistar som Maynard Ferguson, Roger Daltrey, The Winans, Gloria Estefan, Oleta Adams, Joe Cocker, Me First and the Gimme Gimmes, Vanessa Carlton og Bettye LaVette.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Originalversjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Canada[2] 1
Nederland[3] 30
Irland[4] 17
Storbritannia[5] 16
U.S. Billboard Hot 100[6] 2
U.S. Billboard Adult Contemporary Tracks[6] 3

George Michael/Elton John-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (1991/92) Plassering
Australia[7] 3
Austerrike[7] 2
Canada 1
Nederland[8] 1
Frankrike[7] 1
Tyskland[7] 4
Irland[4] 2
Italia 1
New Zealand[7] 4
Noreg[7] 1
Sverige[7] 2
Sveits[7] 1
Storbritannia[9] 1
U.S. Billboard Hot 100 1
U.S. Billboard Adult Contemporary Tracks 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Library and Archives Canada. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.5072a&type=1&interval=24&PHPSESSID=0uff435171gkfba8j57ii6mhl5
  2. Library and Archives Canada. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.5072a&type=1&interval=24&PHPSESSID=0uff435171gkfba8j57ii6mhl5
  3. "Don't Let the Sun Go Down on Me", Dutch Mega Top 100 Dutchcharts.nl
  4. 4,0 4,1 Irland Irishcharts.ie
  5. "Don't Let the Sun Go Down on Me", UK Singles Chart Chartstats.com
  6. 6,0 6,1 Billboard Allmusic.com
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 7,7 "Don't Let the Sun Go Down on Me" (duet version), in various singles charts Lescharts.com
  8. «Single top 100 over 1992» (på Dutch) (pdf). Top40. http://www.top40.nl/pdf/Top%20100/top%20100%20-%201992.pdf. Henta 22. nov. 2011. 
  9. "Don't Let the Sun Go Down on Me" (duet version), UK Singles Liste Chartstats.com (Retrieved 15 januar 2009)