Don't Stop av The Rolling Stones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Don't Stop»
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Forty Licks
Utgjeve 30. september 2002
Innspelt Mai til juni 2002
Sjanger Rock
Lengd 3:59
Selskap Rolling Stones/Virgin Records
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Don Was & The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi
«Out of Control»
(1998)
«Don't Stop» «Sympathy for the Devil» (remix)
(2003)

«Don't Stop» er ein song av the Rolling Stones frå det doble samlealbumet deira Forty Licks frå 2002. Songen vart gjeven ut på singel dette året.

Songen er tilskriven songar Mick Jagger og gitarist Keith Richards, men vart hovudsakleg skriven av Jagger. Songen vart skriven då Jagger førebudde seg til albumet sitt Goddess in the Doorway frå 2001.[1]

Songen er ein likefram rockelåt med eit tradisjonellt opningsriff av Richards. «Don't Stop» omhandlar eit røft kjærleiksforhold mellom songaren og kjærasten hans:

« The way you bit my lip and you drew first blood, It warmed my cold, cold heart; and you wrote your tittel right on my back, Boy, your nails were sharp  »
« Well I'm losing you, I know your heart is miles away; There's a whisper there where once there was a storm; and all that's left is that image that I've filed away and some memories have tattered as they've torn  »

Innspelinga av songen starta tidleg sommaren 2002 i Guillaume Tell Studios i Suresnes i Frankrike. Med Jagger på solovokal speler både Richards og Ron Wood gitar. Charlie Watts speler trommer, Darryl Jones bass og Chuck Leavell spelar keyboard.

Songen kom ut 16. desember 2002 og nådde 36. plass i Storbritannia. Songen vart spelt under Licks-turneen i 2002 og 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «"Don't Stop"». Time Is On Our Side. timeisonourside.org. http://timeisonourside.com/SODontStop.html. Henta 30. mars 2009.