Donegal Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Donegal-Bay.PNG

Donegal Bay (Bá Dhún na nGallirsk) er ei bukt nordvest på Irland. Tre grevskapDonegal i nord og vest, Leitrim og Sligo i sør – har kystlinje mot bukta som grensar til Atlanterhavet i vest. Byen Donegal og elva Eske ligg innerst i bukta.

Donegal Bay er den største bukta på Irland og her finn ein óg den høgaste klippen i Europa, Slieve League, som er 601 meter høg.

Donegal Bay sine strender er nokre av dei beste surfestrendene i Europa på grunn av at dei får inn bølgjene frå vest og traktforma til bukta, som gjev høge bølgjer og gode surfeforhold. Rossnowlagh og Bundoran vert av surfemiljø i Europa rekna som dei beste surfestrendene på Irland med gode fasilitetar og glimrande vasskvalitet.

Innhaldsliste

Byar ved bukta [endre]

Stranda Bundoran i Donegal Bay

Elvar som munnar ut i bukta [endre]

Øyar i bukta [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Kjelde [endre]

Koordinatar: 54°40′N 9°04′W