Donkeyboy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Donkeyboy
Donkeyboy.jpg
Opphav Drammen i Noreg
Sjanger pop, rock
Aktive år 2005 —
Tilknytte artistar Linnea Dale
Plateselskap Warner Music Norway
Nettside www.Donkeyboy.org
Medlemmer
Cato Sundberg
Kent Sundberg
Thomas Drabløs
Peter Michelsen
Alexander Garborg Ågedal

Donkeyboy er ei popgruppe frå Drammen i Noreg, skipa i 2005. Gruppa er ihopsett av Cato Sundberg (vokal/rytmegitar), Kent Sundberg (synth/støttevokal), Peter Michelsen (gitar/støttevokal), Thomas Drabløs (trommer), og Alexander Garborg Ågedal (bassgitar).

Donkeyboy skreiv avtale med Warner Music etter at ein tilsett i selskapet kom over MySpace-profilen deira[1]. Debutsingelen Ambitions blei lansert 26. mars 2009 og fekk høg rotasjon på NRK P3[2], og to veker seinare låg han inne som #7 på VG-lista Topp 20[3]. 29. juni 2009 var låten den mestseljande singelen i Noreg, og singelen blei verande på fyrsteplass fram til andresingelen Sometimes tok over 22. september. Linnea Dale frå Tinn i Telemark, òg kjent frå 2007-sesongen av Idol, medverkar som vokalist på båe singlane.

Donkeyboy sitt fyrste album Caught in a Life blei lansert 19. oktober 2009 og fekk terningkast fire frå Aftenposten[4] og Dagbladet[5]. Under Spellemannprisen 2009 håva gruppa inn med prisar for både årets nykomar med plata Caught in a Life, og prisen for årets hit og årets musikkvideo for Ambitions.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen som har med Noreg å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.