Donkosakkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donkosakk til hest. Måleri av Aleksander Orłowski.
Tilfangområdet til Don.

Donkosakker (russisk донские казаки, Donskije Kazaki) er kosakkar som busette seg langs det midtre og nedre laupet til elva Don. Donkosakkene er utan tvil den største og mest legendariske kosakkgruppa, og truleg òg den mektigaste, mykje takka vera innsatsar i krig og korleis dei er vorte omtalte i litteraturen.

Donkosakkene oppstod som gruppe tidleg på 1500-talet i landområda ved Don, der dei enno i dag har sitt tyngdepunkt i millionbyen Rostov-na-Donu og sin eigen hovudstad Novotsjerkassk (nye Tsjerkassk). Den opphavlege hovudstaden deira var Starotsjerkassk (gamle Tsjerkassk), der mykje av den gamle donkosakkiske kulturen framleis eksisterer, så som fine kyrkjer og museum.

Omkring år 1800 stilte dei med 70 000 mann til den keisarlege kampen i den russiske hæren sin kamp mot Napoleon.

Donkosakkene sin motstand mot den bolsjevistiske maktovertakinga i 1917 (oktoberrevolusjonen) førte til bitre kampar under den russiske borgarkrigen. Kosakkane kjempa på sida til dei kvite styrkane. Etter deira nederlag skreiv Jakov Mikhailovitsj Sverdlov ut eit dekret den 24. januar 1919 som førte til masseavrettingar og deportasjonar av kosakkane (òg av kvinner, barn og gamle) til arbeidsleirar (Gulag). Tiltaka kosta rundt 700.000 kosakkar livet.

Det skal no (2014) finnast omlag 156 000 donkosakker.

Kjende donkosakker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • V.L. Genis: «Raskazacwanie w Sowjetskoi Rossii», i: Voprosy Istorii 1994/1.
  • Dimitri Wolkogonow: Lenin. Utopie und Terror. Econ 1996, ISBN 3-430-19828-3.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]