Donna Summer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Donna Summer
Nobel Peace Price Concert 2009 Donna Summer1 cropped.jpg
Donna Summer under Nobelpriskonserten i 2009
Fødenamn LaDonna Adrian Gaines
Alias Donna Gains
Fødd 31. desember 1948 (65 år)
Død 17. mai 2012 (63 år)
Instrument Vokalist, piano
Sjanger Pop, disco, Hi-NRG, R&B, soul, house, rock, gospel
Yrke Songar, låtskrivar, skodespelar

Donna Summer (31. desember 194817. mai 2012) var ein amerikansk songar og låtskrivar. Ho var internasjonalt kjend for discomusikken sin, og hadde tilnamnet «Discodronninga» (The Queen of Disco). Ho hadde fleire topplisteplasseringar, og fleire av albuma hennar selde til gull eller platinum.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Donna Summer var fødd som LaDonna Adrian Gaines i Dorchester i Boston i den amerikanske delstaten Massachusetts. Ho var ein av dei sju ungane til Andrew og Mary Gaines, ein slaktar og ein lærar. Frå ho var lita song ho aktivt i kyrkja dei høyrde til.

Sjølv om Donna Summer seinare blei vidkjend som discomusikar, voks ho opp med rock og brukte også denne musikkstilen som inspirasjon. Som tenåring blei ho det einaste farga medlemmet av blues- og rockegruppa Crow. Som attenåring reiste ho heimefrå for å spela i musikalen HairBroadway. Seinare flytta ho til München i Tyskland. Ho spelte i tyske versjonar av Godspell og Show Boat og fekk etterkvart tysk statsborgarskap.

Russisk tv-program om Donna Summer.

I 1971 gav Summer ut singelen «Sally Go Round the Roses» utan suksess, og solokarrieren låg på vent til 1974. Ho gifta seg med den austerrikske skodespelaren Helmuth Sommer i 1972, og fekk dottera Mimi året etter. Dei to skilde lag etter to år, men Donna heldt på den anglifiserte forma av etternamnet hans, Summer.

Summer gjorde mange musikkjobbar på teater og i studio i mange år, og var medlem av popgruppa FamilyTree frå 1974 til -75. Det første albumet hennar, Lady Of The Night frå 1974, blei berre seld i Europa. Hennar store gjennombrot kom i 1975 då Pete Bellotte produserte songen «Love To Love You, Baby» i Musicland Studios. Den endelege songen blei ein «discodisk» på 17 minutt, og gjorde stor suksess. Dette innleidde også det mangeårige og fruktbare samarbeidet mellom Donna Summer og produsentparet Pete Bellotte og Giorgio Moroder. Samarbeidet resulterte i hittar som «Try Me, I Know We Can Make It», «Could It Be Magic», «I Feel Love», «I Remember Yesterday», «I Love You», «Rumour Has It», «Last Dance», «On the Radio», «Bad Girls», «Hot Stuff», «Dim All The Lights», «The Wanderer» og «Carry On». Summer samarbeidde også med produsentar som Quincy Jones («State Of Independence» og «Love Is In Control (Finger On The Trigger)») og det engelske teamet Stock Aitken Waterman («This Time I Know It's For Real»). Ho hadde ein topphit med «She Works Hard For The Money» på 1980-talet, som blei ein song for kvinnerørsla. Summer skreiv også songar til andre, som «Starting Over Again», som blei ein hit med Dolly Parton i 1980.

Donna Summer var frå 1980 og til ho døydde gift med Bruce Sudano, eit av medlemmene i gruppa Brooklyn Dreams. Saman med han hadde ho døtrene Brooklyn og Amanda Grace.

Summer vann fleire grammyprisar, og fekk Oscarprisen for beste song i 1978 for «Last Dance».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1974 - Lady of the Night
  • 1975 - Love to Love You Baby
  • 1976 - A Love Trilogy
  • 1976 - Four Seasons of Love
  • 1977 - I Remember Yesterday
  • 1977 - Once Upon a Time...
  • 1978 - Live and More
  • 1979 - Bad Girls
  • 1980 - The Wanderer
  • 1982 - Donna Summer
  • 1983 - She Works Hard for the Money
  • 1984 - Cats Without Claws
  • 1987 - All Systems Go
  • 1989 - Another Place and Time
  • 1991 - Mistaken Identity
  • 1994 - Christmas Spirit
  • 2008 - Crayons[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]