Donovan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donovan

Fødd10. mai 1946
Maryhill i Glasgow i Skottland (77 år)
FødestadGlasgow
FødenamnDonovan Phillips Leitch
AliasDonovan
OpphavStorbritannia
Aktiv1965 til i dag
SjangerFolkrock, psykedelisk folk
InstrumentSong, munnspel, gitar, piano, banjo
PlateselskapPye Records
Epic Records (US)
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent
Gift medLinda Lawrence
BornDonovan Leitch, Ione Skye, Julian Jones
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Donovan Philips Leitch (fødd 10. mai 1946) er ein skotsk songar og låtskrivar. Han dukka opp i det britiske visemiljøet og utvikla ein særeigen stil der han blanda viser, jazz, pop, psykedelia og verdsmusikk. Han lever i dag med familien sin i County Cork i Irland.

Donovan vart kjend i Storbritannia tidleg i 1965 med ei rekkje framsyningar på TV-showet Ready Steady Go! og populariteten hans spreidde seg til USA og andre land. Etter han signerte ein kontrakt med det britiske plateselskapet Pye Records i 1965, spelte han inn fleire singlar og to album innan visesjangeren. Etter han frigjorde seg frå den opphavlege management-kontrakten, innleidde han eit langt og suksessrikt samarbeid med den leiande sjølvstendige plateprodusenten Mickie Most, og fekk ei rekkje hittar i Storbritannia, USA, Australia og andre land. Av dei mest kjende innspelingane hans i 1960-åra finn ein «Catch the Wind» og «Colours» i 1965, medan «Sunshine Superman» toppa US Billboard Hot 100-lista året etter og nådde andreplassen i Storbritannia. Donovan var den første artisten som vart signert på CBS/Epic Records av den då ny administrative visepresidenten Clive Davis, som seinare vart leiar for heile CBS Record.

Donovan var ein av dei fremste britiske plateartistane på 60-talet. Han produserte fleire hitplater og singlar mellom 1965 og 1970.[1] Han vart ven med leiande popmusikarar som Joan Baez, Brian Jones, Bruce Springsteen og The Beatles. Han påverka både John Lennon og Paul McCartney då han lærte dei fingerplukkestilen sin på gitar i 1968.[2] Donovan var mindre heldig etter han forlét Mickie Most i 1969 og han forlét òg heile musikkindustrien ein periode.

Han heldt fram å halde konsertar og spele inn plater sporadisk i 1970- og 1980-åra, men fall gradvis i unåde. Den milde musikkstilen hans og hippie-imaget vart forakta av kritikarar, særleg etter at punkrock kom. Donovan trekte seg attende frå musikkindustrien fleire gonger i løpet av karrieren, men gjekk renessanse i 1990-åra då rave-miljøet tredde fram i Storbritannia. I 1996 spelte han inn albumet Sutras med produsent og langvarig tilhengjar Rick Rubin og i 2004 gav han ut det nye albumet Beat Cafe. Den 28. september 2010 vart Donovan nominert for å innlemmast i Rock and Roll Hall of Fame 2011.[3]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Donovan fekk polio som barn og sjukdommen og behandlinga av han gjorde at han halta.[4] I 1956 flytte familien hans til Little Berkhamsted nær Hertford i England.

Påverka av kjærleiken familien hadde for skotsk og engelsk folkemusikk, byrja han å spele gitar 14 år gammal. Han gjekk inn på kunstskule, men slutta kort tid etter og ønskte å leve som ein beatnik med å leggje ut på vegen. I 1963 reiste han til St Ives med Gypsy Dave og andre vener frå Hertfordshire.

1960-åra[endre | endre wikiteksten]

Då han kom attende til Hatfield, spelte han fleire månader i lokale klubbar, og tok til seg musikk frå det britiske visemiljøet rundt han i heimen i St Albans. Her lærte han gitarteknikkar frå lokale artistar som Mac MacLeod og Mick Softley og han byrja å skrive dei første songane sine.

I 1964 reiste han til Manchester med Gypsy Dave, og var sommaren i Torquay i Devon. I Torquay budde han han hos den gamle venen og gitarmentoren frå St Albans, Mac MacLeod og starta som gatemusikant, studerte gitar og lærte seg tradisjonelle viser og bluessongar.[5]

I seint 1964 fekk han ein management- og forlagsavtale med Peter Eden og Geoff Stephens frå Pye Records i London, der han spelte inn 10 demosongar (nyleg gjenoppdaga og gjeven ut på iTunes), mellom anna den første innspelinga av «Catch the Wind», den første singelen og «Josie». Den første songen synte at han var inspirert av Woody Guthrie og Ramblin' Jack Elliott, som òg hadde påverka Bob Dylan. Han vart då òg samanlikna med Dylan ein periode.[1] I eit intervju med KFOK radio i USA i 2005 sa MacLeod: «Pressa var glade i å kalle Donovan ei 'Dylan-etterlikning' sidan dei begge hadde vorte inspirerte av dei same kjeldene: Ramblin' Jack, Jesse Fuller, Woody Guthrie og mange fleire»

Medan han spelte inn demoane, vart Donovan ven med Brian Jones frå The Rolling Stones, som spelte inn musikk i eit nærliggande studio. Tilfeldigvis møtte han òg eks-kjærasten til Jones, Linda Lawrence, og dei vart nære vener. Ho vart kjæraste med Donovan dei neste fem åra og påverka musikken hans. Ho ville derimot ikkje gifta seg med han og flytte til USA i fleire år seint i 1960-åra. Til slutt vart dei likevel gifte den 2. oktober 1970 ved Windsor Registry Office. Sjølv om han hadde andre kjærleiksforhold—mellom anna eitt som førte til dei første to borna hans, Donovan Leitch, Jr. og Ione Skye Leitch—var han sterkt tiltrekt til Lawrence og ho vart musen hans. Dei blanda kjenslene hans for henne inspirerte til mange songar, mellom anna «Legend Of A Girl Child Linda» og «Sunshine Superman».

I mai 1967 møtte Donovan Bob Dylan i suiten hans i London, då han turnerte i Storbritannia. Musikkpressa hadde skrive mykje om den påståtte rivaliseringa mellom dei to og at Dononvan visstnok etterlikna Dylan, men møtet gjekk bra og Dylan fortalte seinare Melody Maker: «Han spelte nokre songar for meg...eg likar han...han er ein hyggeleg kar.» Melody Maker skreiv òg at Dylan hadde nemnd Donovan i songen «Talking World War Three Blues», men at folk hadde håna han då Donovan vart nemnd. Dylan sa då: «Eg meinte ikkje å tråkke på fyren. Det var berre ein spøk, det var alt.»

Møtet vart fanga i ein dokumentar av D.A. Pennebaker, som filma Dylan våren 1965 og delar av hendinga finst i dokumentaren Don't Look Back, sjølv om mangementet til Donovan ikkje ville ha journalister til stades, fordi dei ikkje ønskte noko skriveri om «disippelen som møter messias».[6]

I eit intervju for BBC i 2001 i høve 60-årsdagen til Bob Dylan, snakka Donovan om Dylan som ei viktig inspirasjonskjelde tidleg i karrieren hans, medan han samstundes distanserte seg frå å vere ein Dylan-etterlikning:

Han som verkeleg lærte oss å spele og lærte oss dei tradisjonelle songane var Martin Carthy—som tilfeldigvis vart kontakta av Dylan då Bob først kom til Storbritannia. Bob vart påverka, som alle amerikanske visesongarar er, av keltisk musikk frå Irland, Skottland og England. Men i 1962 var me britiske viseartistane òg påverka av blues og amerikanske visesongarar som spelte den keltiske kulturarva vår...Dylan dukka opp etter Woodie [Guthrie], Pete [Seeger] og Joanie [Baez] hadde erobra hjarto våre og han høyrdest ut som ein cowboy i starten, men eg visste kvar han hadde fått songane sine frå—det var Woodie først, så var det Jack Kerouac og medvitsstraumdiktinga som flytta han vidare. Men då eg høyrde 'Blowing In The Wind' og det var fanfaren for ein ny generasjon - og me artistar vart oppmuntra til å vere like modige og skrive tankane våre i musikken...vi vart ikkje fanga av inspirasjonen hans, me vart oppmuntra til å etterlikna han—og hugs at alle britiske band frå the Stones til the Beatles kopierte note for note, strofe for strofe, frå alle amerikanske pop- og bluesartistar—det er slik unge artistar lærer. Det er ikkje skamfullt å etterlikne ein helt eller to—det syner dei kreative musklane og kvaliteten i songane og teknikken vår. Det var ikkje berre Dylan som påverka oss—for meg gjekk han i spissen for protestane og me gjorde alle eit forsøk på stilen hans. Eg høyrdest ut som han i fem minutt—andre gjorde karriere på stilen hans. Som trubadurar, kan Bob og eg skrive om mange sider av mennesket. Å bli samanlikna var naturleg, men eg er ikkje ein etterliknar.[7]

Samarbeid med Mickie Most[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1965 gjekk Donovan frå det opphavlege managementet sitt og signerte ein avtale med Ashley Kozak, som arbeidde for Brian Epstein sitt NEMS Enterprises. Kozak introduserte Donovan for den amerikanske impresarioen Allen Klein (som seinare tok over managementet for The Rolling Stones og The Beatles). Klein introduserte vidare Donovan for produsenten Mickie Most,[8] som hadde stor suksess på denne tida med listetoppane til The Animals, Lulu og Herman's Hermits

Mickie Most var den pålydande produsenten til alle innspelingane til Donovan i denne perioden, sjølv om Donovan hevdar i sjølvbiografien sin at innspelingane var produserte av han sjølv med lite eller ingen hjelp frå Most. Samarbeidet deira produserte ei rekkje suksessrike singlar og album, spelt inn med leiande studiomusikarar i London, som Big Jim Sullivan, Jack Bruce, Danny Thompson og dei framtidige Led Zeppelin-medlemmane John Paul Jones og Jimmy Page.

Mange av innspelingane til Donovan frå seint i 60-åra hadde ei kjerne musikarar som ofte spelte inn og/eller turnerte med han. Av desse finn ein John Cameron på piano, Danny Thompson (frå Pentangle) eller Spike Heatley på kontrabass, Tony Carr på trommer og conga og Harold McNair på saksofon og fløyte. Congastilen til Carr og den særeigne fløyta til McNair er vesentleg på fleire av desse innspelingane. Cameron, McNair og Carr var òg med Donovan på fleire av dei store konsertane hans og ein kan høyre dei på konsertalbumet Donovan In Concert frå 1968.

Sunshine Superman[endre | endre wikiteksten]

I 1966 hadde Donovan kome seg bort frå den openlyse Dylan/Guthrie-påverknaden og vorte ein av dei første britiske popmusikarane som starta med flower power-imaget. Viktigare var at musikken hans utvikla seg og endra seg raskt ettersom han fordjupa seg i jazz, blues, austleg musikk og den nye generasjonen av amerikanske vestkystband, som Jefferson Airplane og The Grateful Dead. Han gjekk no inn i den mest kreative og originale fasen sin som låtskrivar og plateartist og arbeidde tett med Mickie Most og særleg arrangøren, musikaren og jazztilhengjaren John Cameron.

Det første samarbeidet var «Sunshine Superman». Som ein av dei første klart psykedeliske popinnspelingane,[8] vart det ei nyskapande blanding av folk, rock, pop og jazz. Arrangementet var forsterka med markant cembalo og sitar, og sett opp mot ein funky conga-driven rytme. Han inneheld òg svake, men umiskjennelege referansar til LSD — mellom anna linja «I could've tripped out easy, but I've changed my ways».

Den raske framgangen til Donovan stoppa mellombels i desember 1964, då Billboard skreiv om den føreståande produksjonsavtalen mellom Klein, Most og Donovan, og så rapporterte at Donovan var på veg til å signere ein avtale med Epic Records i USA. Trass i at Kozak nekta for dette, droppa Pye Records den nye singelen og det oppstod strid om kontrakten, sidan Pye alt hadde ein distribusjonsavtale i USA med Warner Bros. Records. Som følgje av denne striden vart plateutgjevingane til Donovan i Storbritannia og USA markant forskjellige. Tre av platene hans vart ikkje gjevne ut i Storbritannia og Sunshine Superman vart gjeven ut med heilt anna innhald. Fleire viktige albumspor frå seint i 1960-åra vart ikkje gjevne ut i Storbritannia på fleire år.

Rettstvisten heldt fram inn i 1966. Gjennom denne pausen tok Donovan ferie i Hellas, der han skreiv den lengtande «Writer in the Sun», som var inspirert av rykta om at karrieren hans var over. Han turnerte òg i USA og heldt nokre konsertar for små publikum. Det var truleg i denne perioden at han var gjest i episode 23 i Pete Seeger-fjernsysserien Rainbow Quest med Shawn Phillips og Rev. Gary Davis. Etter at han kom attende til London, utvikla han eit venskap med Paul McCartney og medverka visstnok med linja «sky of blue and sea of green» til songen «Yellow Submarine»[9]

Seint i 1966 vart dei amerikanske kontraktsproblema løyst og Donovan signerte ein avtale verdt $100 000 med Epic Records. Donovan og Most reiste til CBS Studios i Los Angeles, der dei spelte inn songane for det nye albumet. Dei fleste av desse hadde vorte skrivne året før. Sjølv om viseelementet framleis var framherskande, var det òg i aukande grad element av jazz, amerikansk psykedelia frå vestkysten, og Folkrock, særleg The Byrds, som Donovan lytta til gjennom heile 1965.

Albumet var ferdig i mai og «Sunshine Superman» vart gjeven ut i USA som singel i juni. Det vart ein suksess og gav Donovan gjennombrotet sitt i Amerika. Han selde 800 000 eksemplar på seks veker og nådde førsteplassen. Singelen selde over ein million og gav han gullplate.[10] Albumet følgde i august, med eit førehandssal på 250 000 eksemplar, og nådde 11. plass på den amerikanske albumlista. Det selde over ein halv million eksemplar.[10]

Den amerikanske versjonen av Sunshine Superman er sett i eit kammeraktig folk-jazz-arrangement, med instrument som akustisk bass, sitar, saksofon, tabla and congatrommer, cembalo, strykarar og obo. Høgdepunkta er den svingande «The Fat Angel» som var skriven for «Mama» Cass Elliott frå The Mamas & the Papas. Songen er òg kjend for at bandet Jefferson Airplane vert nemnd, lenge før dei vart internasjonalt kjende og før Grace Slick vart med i bandet. Andre songar er «Bert's Blues» (ei hyllest til gitarhelten Bert Jansch), den majestetiske «Guinevere» og «Legend of a Girl Child Linda», ein song med song, akustisk gitar og eit lite orkester, som varer over seks minuttar.

Det vart nytta mykje sitar på albumet, som vart spelt av den amerikanske visesongaren Shawn Phillips. Donovan hadde møtt Phillips i London i 1965, og han vart ein nær ven og ein viktig samarbeidspartner desse åra, og spelte akustisk gitar og sitar på fleire av dei kjende songane hans, samt at han spelte med Donovan på fleire konsertar og fjernsynsframferda deira på Pete Seeger-showet.

I motsetnad til den landlege tonen på resten av albumet er fleire av songane, mellom anna tittelsporet, hardare i kantane. Den drivande, jazzaktige «The Trip», vart kalla opp etter klubben i Los Angeles med same namn, og omhandlar ein LSD-trip han tok medan han var i Los Angeles. Songen har mange referansar til opphaldet hans på vestkysten og omtalar både Dylan og Baez. Den tredje «tunge» songen, som vart ein av dei mest kjende songane hans, heitte «Season of the Witch». Innspelt med amerikanske og britiske studiomusikarar er det første gong Donovan nytta elektrisk gitar. Songen vart spelt av Brian Auger på det første albumet hans i 1967, og Al Kooper og Stephen Stills spelte inn ein 11 minuttar lang versjon av songen på albumet Super Session i 1968. Versjonen til Donovan kan ein høyre over rulleteksten på Gus Van Sant-filmen To Die For.

På grunn av kontraktsproblema vart ikkje eit album med same namn gjeven ut i Storbritannia på ni månader.[8] Dette var ei samling av songar frå dei amerikanske albuma Sunshine Superman og Mellow Yellow. Donovan fekk ikkje vere med å avgjere kva songar som skulle med på denne utgjevinga.

Den 24. oktober 1966 gav Epic ut singelen «Mellow Yellow», arrangert av John Paul Jones og visstnok med Paul McCartney på korvokal.[8] Det gjekk rykte om at uttrykket «electrical banana» refererte til å røyke bananskal får bli høg, men i sjølvbiografien sin forklarte Donovan at uttrykket berre synte ein gulfarga vibrator. Ei anna linje som skapte spekulasjonar var «I'm just mad about Fourteen; she's just mad about me», og i versjonen på In Concert frå 1968 syng han tydlegare «I'm just mad about fourteen-year-old girls; they're just mad about me.»[11] Songen vart signaturlåten til Donovan og vart ein salssuksess. Han nådde andreplassen på Billboardlista og tredjeplassen på Cash Box-lista i USA og gav han gullplate for meir enn ein million selde eksemplar i USA.[10]

Gjennom første halvdelen av 1967 arbeidde Donovan på eit ambisiøst dobbeltalbum, som han produserte sjølv. I januar heldt han ein konsert i Royal Albert Hall i lag med ein ballerina som dansa under ein 12 minuttar lang versjon av «Golden Apples». Den 14. januar rapporterte New Musical Express at han skreiv musikk til National Theatre-produksjonen av As You Like It, men dette vart aldri noko av. Versjonen hans var «Under the Greenwood Tree» kom ut på A Gift from a Flower to a Garden.

Seinare same månad gav Epic ut Mellow Yellow (ikkje gjeven ut i Storbritannia), som nådde 14. plass på albumlista, samt ein ny singel kalla «Epistle to Dippy», som nådde Topp 20 i USA. Han var skriven som eit opent brev til ein gammal skuleven og hadde ei sterk pasifistisk melding i tillegg til psykedeliske bilete. Den verkelege «Dippy» tente denne tida i British Army i Malaysia. I følgje Brian Hogg, som skreiv teksten i heftet som følgde med boksen Troubadour, høyrde Dippy songen, kontakta Donovan og forlét militæret.

Den 9. februar 1967 var Donovan av ei utvalde gruppe som vart invitert av The Beatles til å bli med dei i Abbey Road Studios for den siste innspelinga av «A Day in the Life», den store finalen til albumet deira Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band.

Tatt for dop[endre | endre wikiteksten]

I midten av 1966 vart Donovan den første kjende britiske popstjerna som vart arrestert for å ha på seg marihuana. Narkotikabruken til Donovan ser ut til å ha vore moderat, og hovudsakleg berre cannabis — og stundom LSD og meskalin, men han ikkje brukte like mykje som venene John Lennon og Brian Jones.[4] LSD-bruken til Donovan er referert til i fleire av tekstane hans, mellom anna «The Trip», «Sunshine Superman», «Wear Your Love Like Heaven» og «Epistle To Dippy».[4]

Ålmenta fekk vite om marihuanaen hans i TV-dokumentaren A Boy Called Donovan, som vart send tidleg i 1966, som viste songaren og vener som røyker cannabis på ein fest. Det ser ut til at narkotikaavdelinga alt hadde planlagt å ta mange britiske popstjerner, og arrestasjonen av Donovan var berre den første av mange, som involverte medlemmar av The Beatles og The Rolling Stones. Arrestasjonen gav han mykje publisitet.

Sjølv om arrestasjonen av Donovan ikkje var like sensasjonelle som arrestasjonane av Mick Jagger og Keith Richards, vart han på grunn av skuldingane nekta innreise i USA fram til seint i 1967, og kunne derfor ikkje spele på Monterey International Pop Festival i juni det året.

Internasjonal suksess, 1967–1969[endre | endre wikiteksten]

I juli gav Epic ut singelen «There Is a Mountain», som berre så vidt ikkje nådde Topp 10 i USA og som seinare vart nytta som grunnlag for The Allman Brothers-songen «Mountain Jam». I september la Donovan ut på ein turne i USA, akkompagnert av ei lita jazzgruppe og faren, som introduserte showet.

Seinare same månad gav Epic ut det femte Donovan-albumet, kalla A Gift from a Flower to a Garden, den første samleboksen med rockemusikk og det tredje doble pop- eller rockealbumet gjennom tidene. Det var tematisk delt i to. Den første, kalla «Wear Your Love Like Heaven», var skriven for folk i hans generasjon som ein dag skulle bli foreldre; den andre, kalla «For Little Ones», var ei samling songar Donvaon hadde skrive for den komande generasjonen. Sjefen i Epic, Clive Davis, var usikker på om det kom det å selje bra og insisterte på at albuma vart delt opp og seld separat i USA. Det gjekk ikkje som han frykta og sjølv om det tok tid, selde boksen solid, og nådde til slutt 19. plass på lista i USA og selde til gullplate i USA tidleg i 1970.

Dei psykedeliske og mystiske overtonane i verket var umiskjennelege. Plateomslaget synte eit infraraudt fotografi av fotografen Karl Ferris som synte Donovan kledd i ei lang kappe med blomar og påfuglfjør, medan biletet på baksida syner Donovan som held handa til den indiske guruen Maharishi Mahesh Yogi. Overraskande nok inneheld teksten i plateomslaget ei bøn til ungdomen frå Donovan om å gje opp narkotika. Den offentlege fornektinga av narkotika kom etter at han hadde vore hos Maharishi i Rishikesh.

Seint i 1967 medverka Donovan med fleire songar til Ken Loach-filmen Poor Cow. Tittelsporet (opphavleg kalla «Poor Love») vart gjeven ut som B-side på den neste singelen hans, «Jennifer Juniper», ein song inspirert av Jenny Boyd, syster til kona til George Harrison, Pattie Boyd. Det vart ein hit som nådde Topp 40 i USA.

Donovan utvikla ei sterk interesse for austleg mystikk og hevdar å ha spelt ei viktig rolle i å vekke denne interessa hos The Beatles. Tidleg i 1968 var han ein del av gruppa som reiste til India og var fleire veker hos Maharishi Mahesh Yogi i Rishikesh. Vitjinga gav dei merksemd verda over sidan alle dei fire Beatles-medlemmane, samt songaren i Beach Boys, Mike Love, og skodespelarinna Mia Farrow og systera Prudence (som inspirerte John Lennon til å skrive «Dear Prudence») òg var med på reisa.

I følgje eit intervju med Paul McCartney i 1968 med Radio Luxembourg,[12] var det på denne tida at Donovan lærte Lennon og McCartney forskjellige fingerplukkingsstilar på gitaren. Lennon nytta desse teknikkane på songar som «Dear Prudence» og «Julia» og McCartney på «Blackbird» og «Mother Nature's Son».

Den neste singelen til Donovan, frå mai 1968, var den psykedeliske «Hurdy Gurdy Man». Det vart seinare avslørt at songen var meint for den gamle venen og gitarmentoren til Donovan, Mac MacLeod, som hadde eit tungt rockeband kalla Hurdy Gurdy. Etter å ha høyrt versjonen til MacLeod vurderte Donovan å gje han til Jimi Hendrix, men då Mickie Most høyrde han overbeviste han Donovan om songen var ein sikker singel som han skulle spele inn sjølv.

Donovan prøvde å få Hendrix til å spele på innspelinga, men var på turne og utilgjengeleg, det same var Jimmy Page som var utanlands på turne med The Yardbirds. I staden gjekk jobben til den unge britiske gitaristen Alan Parker. Det er mogeleg at Jimmy Page spelte på andre songar for innspelinga av The Hurdy Gurdy Man, men dette er lite truleg, sidan resten av gitarspora hovudsakleg var akustiske og spelt av Donovan, bortsett frå «Tangier», der Bert Jansch spelar. John Paul Jones spelte bass med Clem Cattini på trommer.

Den tyngre stilen på «Hurdy Gurdy Man» var eit bevisst forsøk av Most og Donovan på å nå eit breiare publikum i USA, der nye hardrockgrupper som Cream og The Jimi Hendrix Experience hadde stor suksess. I dette tilfellet trefte det kommersielle instinktet til Most innertiar og songen vart ein av dei største hittane til Donovan og nådde Topp 5 i både USA og Storbritannia, og Topp 10 i Australia.

I juli 1968 gav Epic ut Donovan in Concert, ei innspeling frå Anaheim i september 1967. Albumet inneheldt berre to av dei store hittane hans og fleire andre songar som var nye for publikum. Den utvida doble CD-utgåva frå 2006 inneheld «Epistle To Derroll», ei hyllest til ein av dei tidlege inspirasjonskjeldene hans, Derroll Adams. Albumet inneheld òg lange arrangement av «Young Girl Blues» og «The Pebble And The Man», ein song som seinare vart omarbeidd og kalla «Happiness Runs».

Sommaren 1968 arbeidde Donovan på eit nytt album med barnesongar. Det kom til slutt ut i 1971 som dobbeltalbumet HMS Donovan. I september gav Epic ut singelen «Laléna», ein roleg akustisk ballade som nådde Topp 40 i USA. Albumet The Hurdy Gurdy Man følgde (ikkje gjeven ut i Storbritannia) og heldt fram stilen frå Mellow Yellow og nådde 20. plass i Amerika.

Etter ein ny turne i USA på hausten, samarbeidde han igjen med Paul McCartney, som produserte Post Card, debutplata til den walisiske songaren Mary Hopkin. Hopkin spelte tre av songane til Donovan: «Lord Of The Reedy River», «Happiness Runs» og «Voyage of the Moon». McCartney spelte sidan tamburin og song korvokal på den neste singelen til Donovan, «Atlantis», som vart gjeven ut i Storbritannia (med «I Love My Shirt» som B-side) seint i november og nådde 23. plass.

Tidleg i 1969 kom komediefilen If It's Tuesday, This Must Be Belgium med musikk av Donovan. Tittelsongen vart skriven av han og sungen av J. P. Rags, og han spelte òg «Lord of the Reedy River» i filmen som songar på eit ungdomsherberge. Den 20. januar gav Epic ut singelen «To Susan On The West Coast Waiting» med «Atlantis» som B-side. A-side, ein roleg calypso-aktig song inneheld nok ei antikrigsmelding, og vart ein moderat Topp 40-hit i USA. Då DJane i Amerika og Australia snudde singelen og starta å spele «Atlantis» i staden vart denne songen ein stor hit, og nådde Topp 10 i begge land, trass i temaet, den lange talte introduksjonen og at han varte fem minuttar. Ironisk nok vart den rolege «Atlantis» nytta som musikalsk bakteppe i ein særs valdelege scene i Martin Scorsese-filmen «GoodFellas». «Atlantis» vart òg nytta i ein episode av Futurama i 2000 kalla «The Deep South». For denne episoden spelte Donovan inn ein satirisk versjon av songen som skildrar den tapte byen Atlanta, som vart nytta i episoden.

I mars 1969 gav Epic og Pye ut Donovan's Greatest Hits, som inneheld fleire av songane som berre var tilgjengelege på singlar — «Epistle To Dippy», «There is a Mountain» og «Laléna», i tillegg til nyinnspelingar av «Colours» og «Catch The Wind», som til då hadde vore utilgjengelege for Epic på grunn av kontraktsproblema til Donovan. Det vart eit av dei mestseljande albuma hans i karrieren og nådde fjerdeplass i USa og selde til gullplate. Det låg på Billboard-lista i over eitt år.

Den 26. juni 1969 kom singelen «Barabajagal (Love Is Hot)» ut, ein song som gav han tilhengjarar i rave-miljøet fleire tiår seinare. Singelen nådde 12. plass i Storbritannia. Denne gongen vart han akkompagnert av den originale besetninga i The Jeff Beck Group, med Beck på sologitar, Ronnie Wood på bass, Nicky Hopkins på piano og Micky Waller på trommer.

Beck-gruppa hadde kontrakt med Most og det var Most sin ide om å setje dei saman med Donovan i eit forsøk på å gje Donovan ein tyngre stil og gje Beck skarpare tekstar.

I juli spelte Donovan på gratiskonserten til The Rolling Stones i Hyde Park i London, som delvis var til minne om Brian Jones, som hadde døydd berre dagar før.

I september kom albumet Barabajagal ut (ikkje i Storbritannia) og nådde 23. plass i Amerika.

Brot med Most og seinare karriere[endre | endre wikiteksten]

Aukande spaning mellom Mickie Most og Donovan kom til front seint i 1969 då dei krangla om ei innspeling i Los Angeles. Most forklarte seinare at han protesterte mot folk som hang i studio og «mykje som skjedde som eg ikkje likte», og han gav Donovan eit ultimatum — Donovan kunne gjere det på hans måte eller gå ut. Donovan sa at han ønskte å laga plata med nokon andre, og partnarskapen deira vart oppløyst. Dei arbeidde ikkje igjen før Cosmic Wheels i 1973.

Etter dette forsvann Donovan, visstnok til Hellas, og dukka opp att seks månader seinare for å arbeide på det neste albumet. Resultatet, Open Road, kom ut seint i 1970 og var ei ny retning samanlikna med tidlegare. Han forenkla stilen og spelte som ein rocketrio og kalla stilen «keltisk rock». Albumet selde moderat, men markerte slutten på den populære tida hans med gode salstal, og konsertane hans vart stadig sjeldnare.

Det stort sett sjølvproduserte barnealbumet HMS Donovan kom ut i 1971, men selde igjen dårleg (hovudsakleg fordi det berre vart gjeven ut i Storbritannia). Han følgde opp tidleg 1973 med ei gjenforeining med Mickie Most og albumet Cosmic Wheels. Dette var siste gong han fekk suksess på listene og albumet nådde Topp 40 i både Amerika og Storbritannia. Seinare på året gav han ut Essence To Essence, produsert av Andrew Loog Oldham, og eit konsertalbum spelt inn i Japan (og berre gjeve ut der), med ein lang versjon av «Hurdy Gurdy Man» med ekstra vers skriven av George Harrison i Rishikesh.. Han song òg vokal på Alice Cooper-songen «Billion Dollar Babies». Donovan spelte inn songar for filmen The Pied Piper i 1972, der han òg spelte hovudrolla. og for filmen Brother Sun, Sister Moon (1973), ein film av Franco Zeffirelli om Frans av Assisi. Tittelsongen frå Zeffirelli-filmen gav han uventa publisitet i 1974 då han vart covra som B-sida til hitten «The Lord's Prayer» av nonna Sister Janet Mead, som nådde Topp 5 i USA og selde millionar.

Av seinare album Donovan gav ut finn ein albuma 7-Tease (1974) og Slow Down World (1976). I 1977 turnerte han som oppvarmingsband for Yes i USA, etter Going for the One-albumet deira. I 1978 kom Donovan, som var siste gong han lagde musikk i lag med Mickie Most, men det vart ikkje særleg godt motteken no på høgda av New Wave-perioden. Dette vart følgd opp av Neutronica (1980), Love Is Only Feeling (1981), Lady Of The Stars (1984) og eit konsertalbum i 1990 med klassiske songar.

Punk-tida (1977–1980) hadde skapt ein kraftig reaksjon i Storbritannia mot optimismen frå hippietida, som Donovan vart rekna som eit hovuddøme for. Ordet «hippie» vart eit nedsetjande uttrykk og dette gjekk ut over Donovan. I denne perioden gjesta han i Stars on Ice, eit varieteshow på is produsert av CTV i Toronto i Canada.

Han fekk eit kort pusterom då han spelte i lag med Sting, Phil Collins, Bob Geldof, Eric Clapton og Jeff Beck - i Amnesty International-showet The Secret Policeman's Other Ball. Med seg hadde han Danny Thompson og spelte fleire av hittane sine, som «Sunshine Superman», «Mellow Yellow», «Colours», «Universal Soldier» og «Catch the Wind». Han spelte òg med på avslutningssongen, Dylan sin «I Shall Be Released».

Eit hyllestalbum til Donovan, Island of Circles, kom ut på Nettwerk i 1991.

I 1994 vart omsider dei fire klassise Epic-albuma hans gjeven ut på CD i Storbritannia for første gong. I 1996 gav han ut albumet Sutras med Rick Rubin, som hadde vore tilhengjar i lang tid.[8]

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

Donovan spelar i Washington D.C. januar 2007

I 2004 kom eit nytt album, Beat Café. Her vendte han attende til den meir jazz-aktige stilen sin frå 1960-åra og hadde med seg bassist Danny Thompson og trommeslagar Jim Keltner, produsert av John Chelew (Blind Boys Of Alabama). I mai same året spelte Donovan «Sunshine Superman» på ein konsert før bryllaupet til kronprinsen og kronprinsessa av Danmark.

I 2005 gav han ut sjølvbiografien sin, The Hurdy Gurdy Man.

Donovan har dei siste år halde fleire konsertar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Show 48 - The British are Coming! The British are Coming!: With an emphasis on Donovan, the Bee Gees and the Who. [Part 5] : UNT Digital Library
  2. McCartney Interview 11/20/68
  3. «The Rock and Roll Hall of Fame: Inductees - The 2011 Nominees». The Rock og Roll Hall of Fame. September 28, 2010. Henta 7. mars 2011. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Prager, Felice. «The Hurdy Gurdy Man of the Psychedelic Sixties – Donovan Leitch». Rewind the Fifties. loti.com. Henta 7. mars 2011. 
  5. reviews, arkivert frå originalen 30. april 2009, henta 9. mars 2011 
  6. Melody Maker, 5 mai 1965, arkivert frå originalen 15. mai 2011, henta 9. mars 2011 
  7. Anon (23 mai 2001). «Donovan remembers Dylan». BBC News. BBC. Henta 7 november 2009. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Anon. «Donovan». www.classicbands.com. Henta 7 November 2009. 
  9. Robert Fontenot: "Yellow Submarine: The history of this classic Beatles song", About.com, henta 10. mars 2011
  10. 10,0 10,1 10,2 Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 204. ISBN 0-214-20512-6. 
  11. Donovan, Donovan in Concert, released on Atlantic July 1968, re-issued on BGO February 2002. ASIN B0000011LU.
  12. Paul McCartney Interview: Promoting the White Album (1968, November 20)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Donovan