Doolittle Bluff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Doolittle Bluff
klippe
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 77°37′S 162°38′E / 77.617°S 162.633°E / -77.617; 162.633
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Doolittle Bluff
77°37′00″S 162°37′59″E / 77.6167°S 162.633°E / -77.6167; 162.633
Doolittle Bluff is located in Antarktis
Doolittle Bluff (Antarktis)

Doolittle Bluff er ein stor fjellskrent ved enden av Suessbreen, på nordsida av Taylor Valley i Victoria Land. Frå firnen ved Suessbreen stig skrenten 500 meter til toppområdet på 1835 moh. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (1997) etter John H. (Jack) Doolittle, ein amerikansk fysikar som var forskingssjef ved Siple-stasjonen vinteren 1977, forskar ved Lockheed Martin Palo Alto Research Laboratory, Space Physics Laboratory, frå 1983; og fysikar der frå 1993. Han studerte polarlys ved Sørpolen sidan 1983 og hadde 20 arbeidsturar til Antarktis (McMurdo, Siple og Amundsen-Scott-stasjonen) frå 1975–76.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Doolittle Bluff». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. januar 2014. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Doolittle Bluff» (innhald frå Geographic Names Information System).