Dorinish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Clew-Bay.PNG

Dorinish er ei øy i Clew Bay i County Mayo i Republikken Irland. Ho vert som regel berre kalla Beatle Island etter at John Lennon frå The Beatles kjøpte øya i 1967 for £1 700 (om lag 19 000 kroner). Tidlegare vart steinane her nytta på seglskip og vart av Lennon og familien nytta som feriestad. Etter han skilde seg frå kona Cynthia, vart ikkje øya nytta før Lennon inviterte «Kongen av hippiane», Sid Rawle, til å opprette eit samfunn på øya i 1970. Dei neste to åra heldt 25 hippiar til på øya. I 1972 førte ein brann i forsyningsteltet på øya til at samfunnet vart oppløyst. Etter at Lennon døydde selde Yoko Ono øya for nesten £30 000 (340 000 kroner) og donerte beløpet til ein irsk barneheim. Dorinish vart i dag nytta som beite for kyr og vert stundom vitja av entusiastiske Beatles-tilhengjarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]