Dork

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl von Linné i samisk drakt som kan vera ein dork.

Dork (nordsamisk dorka) er eit samisk klesplagg av pels som ein typisk bruker innanfor andre klede, hovudsakleg om vinteren. Han skil seg frå pesk ved at hårsida vender inn mot kroppen. Han er kjend frå heile det nordsamiske området.

Dorken er gjerne av saueskinn, men også av reinskinn. Han har som regel ein eller to splittar i halsen og oppståande krage. Kantane kan vera laga av anna skinn eller band. Elles har dorken lite pynt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]