Dorothe Engelbretsdotter
Dorothe Engelbretsdotter (16. januar 1634–19. februar 1716), frå Bergen, var Noregs første kjende kvinnelege forfattar og salmediktar. Dikta hennar er barokke og sterkt religiøse, og var svært folkekjære då dei blei gjevne ut.
Forfattaren vert også kalla Dorothe Engelbretsdatter, medan førenamnet kan verta stava «Dorthe» eller «Dorte». Sjølv kalla ho seg «Bergens Debora».
Innhaldsliste |
Livssoge [endre]
Foreldra til Dorothe var Anna Wrangel og Engelbret Jørgensen, som var domprest i Bergen domkyrkje. Ho gifta seg i 1656 med kapellanen i kyrkja, Ambrosius Hardenbeck, som seinare etterfylgde svigerfar sin som sokneprest. Gjennom mannen kom ho i kontakt med det tysk-bergenske musikalske og teologiske miljøet i byen.
Både ektemannen og sju av dei ni barna deira døydde tidleg, og Dorothe skreiv mykje om korleis ho sørga over dette.
Verk [endre]
Siælens Sang-offer kom ut i 1678, i eit opplag på 24 eksemplar. Taare-Offer var det andre store verket hennar, og blei trykka for første gong i 1685.
Diktinga til Dorothe Engelbretsdotter var typisk for tida: Gudeleg og barokk, og ho gjorde stor suksess både i Noreg og Danmark. Med dikta sine ville forfattaren heidra Gud og omvenda, trøysta, gleda og oppseda folket. Ho blei ein pionér for god dikting og bruk av morsmålet.
Omdøme [endre]
Dorothe fekk i 1684 dette innvilga fullstendig skattefridom på livstid av kongen. Mange ser på skattefridomen som den fyrste diktargasjen gjeven til nokon i Noreg.
Dorothe var ein av dei første kvinnelege forfattarane som klarte å livnæra seg av skrivinga si, og kan slik sjåast på som ei svært tidlege kvinnesaksforkjempar. Då ho blei skulda for ikkje å ha skrive bøkene sine sjølv av mannlege konkurrentar, svara ho at dei burde «setjast i karantene på ei aude øy eller kastrerast».
|
Matrone! Hvo staaer til?
|
Verkliste [endre]
- Siælens Sang-Offer, indholdende gudelige Sange paa de fornemste Fester, salmar, 1678
- Taare-Offer, gudelige Siæle til Underviiszning, andaktar i verseform, 1658
- Tvende ny aandelige Psalmer, salmar, 1690
- Tvende meget smucke ny Psalmer, salmar, 1705
Bakgrunnsstoff og kjelder [endre]
- Dokumentasjonsarkivet har lagt ut Dorothe sine samla verk på nettet
- Digitalarkivet om Dorothe sitt liv
- ↑ Dag og Tid 23. april 2013.