Dorsal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dorsal språklyd)
For det anatomiske omgrepet, sjå anatomi.
Artikulasjon av ein dorsal språklyd, her med innsnevring mellom dorsum 'tungeryggen' og velum 'den mjuke ganen'.

Ein dorsal språklyd har ein artikulasjonsstad som er ei innsnevring mellom dorsum (tungeryggen) og munntaket, anten ganen eller drøvelen.[1] «Dorsal», av latin dorsalis, er eit adjektiv som er avleitt frå det latinske substantivet dorsum 'rygg'.

Bokstavar som k, g og j har som regel dorsal uttale på norsk. I tillegg er skarre-r, som finst i nokre dialektar, ein dorsal språklyd.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Kjende dorsale konsonantar
IPA-symbol Konsonant Språk Døme IPA
j Palatal approksimant Engelsk yellow /ˈjɛloʊ/
ɡ Stemd velar plosiv garden /ˈgɑrdən/
k Ustemd velar plosiv cake /ˈkeɪk/
ɣ Stemd velar frikativ Gresk (moderne) góma (γόμα) /ˈɣoma/
x Ustemd velar frikativ Malayisk akhir /a:ˈxir/
w Labio-velar approksimant Engelsk water /ˈwɔːtər/
q Ustemd uvular plosiv Arabisk (moderne) Qurʾān (قرآن) /qurʔaːn/
ʁ Stemd uvular frikativ
eller approksimant
Fransk Paris /paʁi/
χ Ustemd uvular frikativ Tysk Bach [baχ]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dorsal: språkvitenskap». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 24. september 2018.