Doug Sandom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Doug Sandom (fødd 1932) var den første trommeslagaren i den engelske rockgruppa The Who. Tidleg i karrieren til bandet, då dei kalla seg The Detours rundt 1962, deltok Sandom som trommeslagar. Medan dei andre i gruppa var i slutten av tenåra, var Sandom alt rundt tretti og aldersskilnaden gjorde at han aldri vart ein integrert medlem av gruppa.

Etter at The Who hadde prøvespelt for og vart avvist av plateselskapet Fontana Records tidleg i 1964, foreslo Pete Townshend for dei to andre bandmedlemmene John Entwistle og Roger Daltrey at dei skulle kutte ut Sandom, og han slutta då i april same år. Medan dei gjennomførde avtalar om spelejobbar ved hjelp av ein studiomusikar ein månads tid, kom Keith Moon og foreslo seg sjølv som trommeslagar på ein av desse spelejobbane, og meinte at han var ein langt betre trommeslagar. Han fekk jobben.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]