Douglas D. Osheroff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Douglas Dean Osheroff
Douglas Osheroff.jpg
Douglas D. Osheroff (bilete i samband med utreiinga av Columbia-ulukka
Fødd 1. august 1945 (69 år)
Aberdeen i Grays Harbor County i Washington
Nasjonalitet Amerikansk
Område Fysikk
Institusjonar Bell Labs
Stanford University
Alma mater California Institute of Technology(B.S.)
Cornell University (Ph.D.)
Kjend for Oppdaginga av superfluiditet i helium-3
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1996)

Douglas D. Osheroff (fødd 1. august 1945) er ein doktor i fysikk ved Cornell University frå 1973. Osheroff mottok Nobelprisen i fysikk i 1996. Grunngjevinga til Kungliga Vetenskapsakademien for Nobelprisen var oppdaginga av superfluid i helium-3. Han delte prisen med landsmennene David M. Lee og Robert C. Richardson.

På byrjinga av 1970-talet arbeidde Lee, Osheroff og Richardson i lågtemperaturlaboratoriet ved Cornell University. Her oppdaga dei at heliumisotopen helium-3 kan bli superfluid ved ein temperatur som berre ligg rundt to tusendelar av ein grad over det absolutte nullpunktet. Dette superfluide kvantehydrogenet skil seg frå den som vart oppdaga og studert på 1930-talet, og som hadde rundt tusen gonger høgare temperatur enn den normale heliumisotopen helium-4. Den nye forma av helium-3 har særs spesielle eigenskapar som ikkje kan forklarast med klassisk fysikk, men krev kvantefysikkalske forklaringar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]