Douglas Mawson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Douglas Mawson

Fødd5. mai 1882
Shipley i West Yorkshire
Død14. oktober 1958
Brighton
NasjonalitetStorbritannia, Australia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdegeologi
Yrkeoppdagar, geolog
InstitusjonarUniversity of Adelaide
Alma materUniversity of Sydney
DoktorgradsrettleiarEdgeworth David
EktefelleFrancisca Adriana Mawson
BarnPatricia M. Mawson
MedlemRoyal Society
Australian Academy of Science

Sir Douglas Mawson (fødd 5. mai 1882 i Shipley i England, død 14. oktober 1958 i Australia) var ein australsk polfarar og geolog. Saman med Roald Amundsen, Robert Falcon Scott og Ernest Shackleton var Mawson ein sentral ekspedisjonseiar i den tidlege utforskinga av Antarktis. Mawson var offiser av Order of the British Empire og Fellow av Royal Society.

Første ekspedisjonen til Antarktis[endre | endre wikiteksten]

Familien til Mawson utvandra til New South Wales i Australia i 1884 og han utdanna seg seinare ved Universitetet i Sydney, der han spesialiserte seg innan gruveingeniørfag og naturvitskap.

Den første ekspedisjonen han var med på var som geolog til New Hebrides (i dag Vanuatu) i 1903. I 1905 vart han forelesar ved Universitetet i Adelaide og var den første til å oppdage og skildre mineralet daviditt, oppkalla etter mentoren hans Edgeworth David.

I 1907 vart Mawson med på Ernest Shackleton sin Nimrod-ekspedisjon som geolog. Saman med Edgeworth David var han med på den første klatringa av Mount Erebus. Seinare var han òg med i gruppa som for første gongen nådde den magnetiske sørpolen.

Den australasiatiske antarktisekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Den australasiatiske antarktisekspedisjonen.

Mawson takka nei til å vere med på Robert Falcon Scott sin sørpolekspedisjon i 1910. Mawson valde å leie sin eigen ekspedisjon til Antarktis for å utforske King George V Land og Adélie Land i den delen av Antarktis som ligg rett sør for Australia, på denne tida uutforska område. Målet med ekspedisjonen var å utforske landskapet og dessutan å drive vitskapleg arbeid, og ein skulle òg oppsøkja det magnetiske polpunktet.

Ekspedisjonen brukte skipa «Aurora», under kommando av kaptein John King Davis og gjekk i land på Cape Denison i Commonwealth Bay 8. januar 1912. Ein base vart etablert der. Ein annan base vart sett opp lengre vest på isbremmen av Queen Mary Land. Cape Denison viste seg å vere ein særs forblåst stad, med gjennomsnittleg vindhastighet på 80 km/t gjennom heile det året opphaldet varte. Det vart bygd ei hytte på det steinete neset og ekspedisjonen overvintra i nærast konstant snøstorm.

Ekspedisjonen vart delt opp i fem grupper frå hovudbasen og to frå den vestlege basen som hadde ulike oppgåver. Mawson si gruppe skulle gå austover og bestod i tillegg til Mawson av Belgrave E. S. Ninnis og Xavier Mertz. Like før gruppa kom til enden av turen og skulle snu, fall Ninnis, saman med fleire hundar og ein slede som inneheldt store dele av forsyningane, ned i ein bresprekk og forsvann.

Mawson og Mertz snudde umiddelbart og sette kursen tilbake mot basen. Etter at dei få hundane dei hadde igjen døydde av utmatting avgjorde dei å ete hundane for å få næring. Dette skulle vise seg å vere ein lagnadstung feil. Levera til hundane forgifta mennene og dei starta å hallusinere og kort tid seinare døydde Mertz. Mawson måtte då fortsetje åleine. Han halverte lengda på sleden ved hjelp av ei lommesag for å spare vekt, men hadde framleis 160 kilometer igjen til basen og minimalt med mat.

Ein gong falle han gjennom eit tynt snølag som låg over ein bresprekk og vart redda av at sleden sette seg fast øvst i sprekken og av at han framleis hengde i sela. Då han endeleg kom tilbake til basen så han at skipa var på veg ut av bukta. Davis hadde likevel etterlate seks menn i tilfelle gruppa til Mawson skulle kome attende. Saman med desse fullførte gruppa overvintring nummer to og vart henta igjen i desember 1913.

Etter heimkomsten skreiv han boka The Home of the Blizzard (Heimane til snøstormen, ikkje omsett) der han skildrar opplevingane sine. Dei ulike gruppene hadde utforska store delar av kysten og skildra geologien, biologien og meteorologien. Man hadde òg nærare fastslått kor den magnetiske sørpolen var.

Livet etter ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Mawson gifta seg med Paquita Delprat og vart adla, men ålmenta tok liten notis av prestasjonane hans på grunn av meldingane om lagnaden til Scott og utbrotet av første verdskrigen. Han tenestegjorde som major i krigen og returnerte deretter til Adelaide for å fortsetje med forsking og undervising.

Han var igjen med på ein britisk, australsk, newzealandsk ekspedisjon til Antarktis frå 1929 til 1932, BANZARE. Etter at han pensjonerte seg i 1952 vart han utnemnd til professor emeritus. Mawson døydde i heimen sin i Australia den 14. oktober 1958 av hemorrhagisk hjerneslag.

Den australske hundredollar-setelen var frå 1984 til 1996 trykt med eit bilete av Mawson. Ein australsk forskningsstasjon i Antarktis er òg kalla opp etter Mawson.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]