Douro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Douro/Deuro
elv
Elva mellom Porto (til høgre) og Vila Nova de Gaia (til venstre), sett mot vest
Land  Spania,  Portugal
Nedslagsfelt 98 400 km²
Lengd 897 km
Middelvassføring 675 /s
Kjelde Picos de Ubrión, provinsen Soria i Spania
 - høgd 2 160 moh.
Munning Atlanterhavet ved Porto i Portugal
Kart
Douro
41°58′0″ N 2°54′0″ W
Wikimedia Commons: Douro River

Douro (portugisisk) eller Duero (spansk; latinsk Durius) er ein av dei store elvane på Den iberiske halvøya. Ho renn frå kjelda nær Duruelo de la Sierra i provinsen Soria, gjennom nordlege og sentrale delar av Spania og på tvers av Portugal til Porto, der ho munnar ut. Ho har ei lengd på 897 km og lette elvefartøy kan berre ta seg fram i den portugisiske delen av ho.

Namnet kjem kanskje frå den keltiske stamma som var busett her i tida før romartida. Den keltiske rota til vatn er *dubro-.

I den spanske delen kryssar Duero den store castilanske meseta og svingar seg gjennom fem provinsar i Castile-Leon: Soria, Burgos, Valladolid, Zamora og Salamanca, i tillegg til byane Soria, Almazán, Aranda de Duero, Tordesillas og Zamora.

I denne regionen er det få store sideelvar til Duero. Dei viktigaste er Pisuerga, som renn gjennom Valladolid, og Esla, som renn gjennom Benavente.

Internasjonale Douro nær Miranda

Denne regionen består hovudsakleg av halvtørre sletter planta med kveite og enkelte stader, særleg nær Aranda de Duero, med vindruer i vinområdet Ribera del Duero. Saueoppdrett er òg ei viktig næring.

112 km av elva dannar så landegrensa mellom Spania og Portugal, i eit område med smale kløfter som gjennom historia har hindra invasjonar og fungert som eit språkleg skiljelinje. Dette isolerte området er i dag verna som ein del av «Den internasjonale naturparken Douro».

Etter at Douro renn inn i Portugal renn ho gjennom langt færre større busetjingar. Bortsett frå Porto og Vila Nova de Gaia ved munningen av elva er dei einaste busetjingane Foz do Tua, Pinhão og Peso da Régua. Sideelvane er små og renn gjennom djupe kløfter. Dei viktigaste er Côa, Tua og Tâmega. Ingen av desse små stryka er framkommelege.

Profilen til Douro frå kjelda til munningen.

Desse områda av Douro har eit mikroklima som gjev gode høve for dyrking av oliven, mandel og særleg druer som vert nytta i den kjende portvinen. Regionen rundt Pinhão og São João da Pesqueira vert rekna som produksjonssenteret for portvin med vakre quintas eller gardar som ligg i dei nesten vertikale sidene ned mot elva. Mange av desse gardane er eigd av multinasjonale vinselskap og er populære turistattraksjonar.

Tradisjonelt vart vinen ført ned elva i båtar med flat botn kalla rabelos og lagra i tønner i kjellarar i Vila Nova de Gaia, like over elva for Porto. I 1950- og 1960-åra vart det bygd demningar langs elva som gjorde slutt på denne trafikken. Det er ni demningar i den portugisiske delen av Douro som vert nytta til produksjon av vasskraft. I dag vert portvinen transportert i tankbilar.

Den siste tida har det utvikla seg ein velståande turistindustri som baserer seg på turar på elva frå Porto og oppover den øvre Duorodalen. Båtar går gjennom demningane via sluser.

Galleri[endre | endre wikiteksten]