Dovenfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dovenfuglar


Kvitpannedovenfugl, Notharchus hyperrhynchus Illustrasjon av Joseph Wolf, 1855, Public domain
Kvitpannedovenfugl, Notharchus hyperrhynchus
Illustrasjon av Joseph Wolf, 1855, Public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Galbuliformes
Familie: Bucconidae

Dovenfuglar, Bucconidae, er ein familie i ordenen Galbuliformes som lever i regionen frå Sør-Amerika nord til Mexico. Dei 35 artane av dovenfuglar er nærmast relatert til jakamarar.

Dovenfuglar er små og tjukkfalne. I kroppsforma liknar dei mykje på jakamarar, men manglar dei glansfulle fargene til jakamarar. Hovudet er stort og tjukt, nebbet er kort og endar i ein liten krok. Fuglane har ein mørk og lite kontrastfull fjørdrakt. Rundt nebbrota vekst det ei sterk bust. Halen er vifteforma, vengene er korte og breie, eit unnatak er arten svaleveng (Chelidoptera tenebrosa) som har lange og meir spisse venger. Dovenfuglar kan variere i lengd frå 16 til 20 cm.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Skjeldovenfugl, Nystalus radiatus
Foto: Wikimedia-brukar Mdf

Familien har namn etter måten dei jaktar, ein dovenfugl sit ofte urørleg på ei grein og ventar og snappar insekt i lufta som kjem nær. Dei tar sjeldan bytte frå bakken. Dei er hovudsakleg insektetarar, men kan og ta små virveldyr. Dovenfuglar hekkar i grupper eller som einslege par. Dei grev hòl i bakken eller i termittuer til reirplass. Inngangen til reiret vert kamuflert med greiner og blader. Kvart kull har to til tre kvite egg, begge foreldra ruger. Ungane oppheld seg i reiret i 20 til 30 dagar etter klekking.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Dovefuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Notharchus

Slekt Bucco

Slekt Nystalus

Slekt Hypnelus

Slekt Malacoptila

Slekt Micromonacha

  • Munkedovenfugl, Micromonacha lanceolata, Lanceolated Monklet, LC, Deville, 1849

Slekt Nonnula

  • Raudbrystnovise, Nonnula rubecula, Rusty-breasted Nunlet, LC, Spix, 1824
  • Brunkinnovise, Nonnula sclateri, Fulvous-chinned Nunlet, LC, Hellmayr, 1907
  • Brunnovise, Nonnula brunnea, Brown Nunlet, LC, Sclater, 1881
  • Gråkinnovise, Nonnula frontalis, Gray-cheeked Nunlet, LC, Sclater, 1854
  • Rustkronenovise, Nonnula ruficapilla, Rufous-capped Nunlet, LC, Tschudi, 1844
  • Nøttehovudnovise, Nonnula amaurocephala, Chestnut-headed Nunlet, LC, Chapman, 1921

Slekt Hapaloptila

  • Priorinnefugl, Hapaloptila castanea, White-faced Nunbird, LC, Verreaux, 1866

Slekt Monasa

  • Svartklarisse, Monasa atra, Black Nunbird, LC, Boddaert, 1783
  • Sotklarisse, Monasa nigrifrons, Black-fronted Nunbird, LC, Spix, 1824
  • Kvitpanneklarisse, Monasa morphoeus, White-fronted Nunbird, LC, Hahn & Küster, 1823
  • Gulnebbklarisse, Monasa flavirostris, Yellow-billed Nunbird, LC, Strickland, 1850

Slekt Chelidoptera

  • Svaleveng, Chelidoptera tenebrosa, Swallow-winged Puffbird, LC, Pallas, 1782

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dovenfuglar