Dovre kommune
| Dovre kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0511 |
| Fylke | Oppland |
| Adm.senter | Dovre |
| Areal | 1363,84 km² |
| Folketal | 2 731 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-2011) | Bengt Fasteraune (Sp) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.dovre.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Dovre kommune på Commons | |
Dovre kommune ligg nord i Gudbrandsdalen i Oppland fylke og grensar i vest til Lesja kommune, i sør til Vågå og Sel, i aust til Folldal i Hedmark og i nord til Oppdal i Sør-Trøndelag. Store delar av kommunen ligg høgt over havet og inkluderer Snøhetta og nordlege delar av Rondane. I kommunen ligg det to kjente fjell; Snøhetta og Rondeslottet. Den mest kjente innsjøen er Vålåsjøen på Dovrefjell.
Dei to viktigaste tettstadene er Dovre og Dombås. I tillegg kjem Dovreskogen. Kommunesenteret ligg på tettstaden Dovre, medan kommunikasjonsknutepunktet er Dombås. Her skiljast trafikken mot Trøndelag og Nordvestlandet frå kvarandre.
Kommunen er kjent for eit rikt plante og dyreliv. Delar av kommunen inngår i tre nasjonalparkar: Dovrefjell-Sunndalsfjella Nasjonalpark, Rondane Nasjonalpark og Dovre Nasjonalpark.
Hovudnæringane i kommunen er landbruk, reiseliv, handel og service.
Innhaldsliste |
[endre] Kommunikasjonar
Dombås er kommunikasjonsknutepunktet. Her startar Raumabana som går ned til Åndalsnes. Dovrebana går sørover til Oslo og nordover til Trondheim. På Dombås tar E-136 av frå E-6. I kommunen ligg det fleire historiske skysstasjonar; Hjerkinn, Fokstua, Lie seinare flytta til Dombås, Tofte seinare flytta til Toftemo og Dovreskogen seinare flytta til Brennhaugen.
[endre] Geografi
Gjennom kommunen renn Gudbrandsdalslågen. Delar av kommunen inngår i tre nasjonalparkar: Dovrefjell-Sunndalsfjella Nasjonalpark, Rondane Nasjonalpark og Dovre Nasjonalpark. I kommunen ligg det 2 kjente fjell; Snøhetta og Rondeslottet. Den mest kjente innsjøen er Vålåsjøen på Dovrefjell.
[endre] Dyre- og planteliv
Kommunen er kjent for eit rikt plante- og dyreliv. Spesielt kan nemnast moskusen som òg er avbilda i kommunevåpenet. Det er òg bestandar av villrein og jerv i kommunen. Fokstumyrene er internasjonalt kjent for sitt rike fugleliv. Planta mogop er avbilda i fylkesvåpenet for Oppland.
[endre] Klima
Dovre har innlandsklima med lite nedbør, kalde vintrar og relativt kjølige somrar grunna kommunens høgd over havet. Det er betydelege skilnader mellom dag- og nattetemperaturen i sommarhalvåret. Normalverdiar for perioden 1961−1990 er gitt i tabellen nedanfor.
| Normalar for Dombås (645 moh.)[2] | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Temperaturnormal (°C) | −9,4 | −8,2 | −4,3 | 0,3 | 6,5 | 10,7 | 12,0 | 11,1 | 6,6 | 2,2 | −4,3 | −7,7 | 1,3 |
| Nedbør (mm) | 33 | 25 | 23 | 14 | 27 | 51 | 57 | 49 | 40 | 43 | 35 | 33 | 430 |
Dovre har noregsrekorden for lågaste registrerte årsnedbør. På Hjerkinn blei det i 1914 målt så lite som 65 mm nedbør.
[endre] Kommunevåpen
Moskusen er eit sentralt symbol for kommunen, og inngår i kommunevåpenet. Den representerer styrke, stoltheit og staheit, som òg kjennerteikner ein dovring.
[endre] Kjente dovringar
- Sigurd Einbu, astronom budde på Dombås
- Ragnar Solberg, diktar fødd og budde på Fokstua
- Anita Killi, animatør og filmskapar busett i Dovre
- Dovregubben, Norges mektigaste troll, herskar over Dovregubbens rike
- Åse Thoresen, songar
- Børt-Erik Thoresen, songar og fjernsynsmann
- Eli Hagen, ektefelle til Carl I. Hagen
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Fotnotar
| Kommunar i Oppland | ||
|---|---|---|
| Dovre · Etnedal · Gausdal · Gjøvik · Gran · Jevnaker · Lesja · Lillehammer · Lom · Lunner · Nord-Aurdal · Nord-Fron · Nordre Land · Ringebu · Sel · Skjåk · Søndre Land · Sør-Aurdal · Sør-Fron · Vang · Vestre Slidre · Vestre Toten · Vågå · Østre Toten · Øyer · Øystre Slidre | ||