Dovrefjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dovrefjell
Snøhetta, det høgaste fjellet i Dovrefjell, om vinteren.
Snøhetta, det høgaste fjellet i Dovrefjell, om vinteren.
Høgd over havet Snøhetta, 2286 moh
Ligg i/på Noreg Noreg (Oppland, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal)
Dovrefjell på seinhausten 1986.
Foto: Leif Knutsen
Moskus er eit av dyra ein kan finn på Dovrefjell.

Dovrefjell er ei fjellkjede som dannar ein barrière mellom det sørlege Noreg og Trøndelag.

I 2002 vart tidlegare Dovrefjell nasjonalpark (oppretta 1974 - 265 km²) kraftig utvida ved opprettinga av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark på 1693 km².

Området sin vernestatus er med på å bevare ein storslagen natur og eit uvanleg rikt plante- og dyreliv. Vestleg del er prega av steile fjell der Snøhetta ragar høgast (2286 moh.). I aust er berggrunnen kalkrik, og her finst Nord-Europa sitt rikaste plantefjell med sjeldne artar som norsk malurt og dovrevalmue. Moskusdyra er eit anna særmerke for Dovrefjell. Rein finst òg. Det er store uttak av skifer i området, og ei tidlegare gullgruve (nedlagt på slutten av 1700-talet).

Berggrunn og landskapsformer[endre | endre wikiteksten]

Dovrefjell består av to bergartskompleks: Prekambrisk gneis og folierte granitt i vest og granitt-tonalitt i aust.

Fjellområdet ligg på vasskiljet mellom Vestlandet og områda mot Sverige. Djupe daler skjer seg ned i berggrunnen, og spesielt mot vest er dalane bratte. Landskapet er utforma etter siste istid. Morener, eskerar og agoradalar er andre spor etter siste istid.

Botaniske perler[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Drivdalen, Snøhetta og Hjerkinn er spennande botaniske område. Dei tre Knutshøene er særleg rike på sjeldne fjellplanter. Desse vart freda alt i 1905 etter at mange botanikarar nærast hadde rasert Knutshøene. I 1911 vart 50 planter freda på Dovrefjell.

Drivdalen[endre | endre wikiteksten]

Drivdalen består av laus skifer og er rik på kalk. Her finst mange sjeldne planter.

Fokstumyrane[endre | endre wikiteksten]

Fokstumyrane er først og fremst kjent for eit unikt fugleliv, men her veks òg mange forskjellige orkidéar, i tillegg til åkerbær i rikt monn.

Fokstumyrane var godt kjent alt på midten av 1800-talet. Området trekte til seg samlarar frå heile Europa og i 1917 var det mindre enn 20 hekkende fuglearter igjen på myrane, Brushanen var òg forsvunne. I 1923 vart fulgelivet på Fokstumyrane freda. I 1969 vart fredinga enno strengare og dette har gjeve resultat. Både myrhauk og brushane er kome tilbake, samt mange andre arter.

Knutshøene[endre | endre wikiteksten]

Knutshøene vert rekna som det rikaste plantefjellet i Nord-Europa. Her er mange sjeldne fjellplanter vanlege. Det er få fjellplanter som ikkje finst der. Nokre planter har fått namn etter staden dei veks på, som dovreløvetann, knutsørapp og dovrevalmue. Norsk malurt og høgfjellsklokke finst òg på Knutshøene. Knutshøene ligg like ved Kongsvold Fjeldstue.

Forstmann J. B. Barth gav ut eit hefte om plantene på Knutshøene i 1880: «Knudshø eller Fjeldfloraen»

Hjerkinhø[endre | endre wikiteksten]

Hjerkinhø har òg et rikt planteliv. Området er freda som landskapsvernområde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dovrefjell

Kjelder[endre | endre wikiteksten]