Down in the Groove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Down in the Groove
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 30. mai 1988
Innspelt 1983–1987
Sjanger Rock
Lengd 32:10
Selskap Columbia
Produsent Bob Dylan og Mark Knopfler på «Death Is Not the End», resten av albumet ikkje oppført
Bob Dylan-kronologi 
Knocked Out Loaded
(1986)
Down in the Groove Dylan & the Dead
(1989)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Robert ChristgauC+[3]
Entertainment WeeklyC+[4]
MusicHound1.5/5 stars[5]
Rolling Stone2.5/5 stars[2]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[6]

Down in the Groove er det 25. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records, utgjeve 30. mai 1988.

Albumet var i stor grad eit samarbeidsprosjekt og var det andre albumet hans på rad som nesten berre fekk dårleg kritikk. Albumet kom ut i ein periode då karrieren hans var på veg nedover. Salstala var skuffande og albumet nådde berre 61. plassen i USA og 32. plassen i Storbritannia, medan det i Noreg nådde sjuandeplassen.

Innspeling og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Sjølv til Dylan å vere, var det ei vanskeleg album å få i stand. Utgjevinga vart føst utsett meir enn eit halvår, og innhaldet vart endra minst tre gonger. Som føregangaren, Knocked Out Loaded, brukte Dylan igjen fleire samarbeidspartnarar enn vanleg, mange av dei frå dette førre prosjektet. Det var første gongen Dylan samarbeidde med Grateful Dead, på songen «Silvio» som var ein av få songar på albumet som fekk ein viss suksess som singel. Songen vart sidan gjeven ut på Bob Dylan's Greatest Hits Volume 3 og The Essential Bob Dylan.

Turneen Dylan la ut på sommaren 1988 skilde seg ut frå dei førre turneane han hadde gjort. Dylan hadde hatt med seg store band på scenen, ofte med høgt profilerte artistar som Mick Taylor, Ian McLagan, The Grateful Dead og Tom Petty and the Heartbreakers. Denne gongen sette Dylan i saman eit lite firemannsband med gitarist G.E. Smith, bassist Kenny Aaronson og trommeslagar Christopher Parker. Songutvalet vart òg langt meir dristig og ei setliste kunne endre seg totalt frå den eine konserten til den neste. Dylan turnerte særs mykje dei neste åra. Desse nesten samanhengande turnane har derfor vorte kalla «Never Ending Tour». Sjølv om Dylan har skifta ut musikarane har han halde på dette enkle formatet fram til i dag.

Songen «Death is Not the End» var eit samarbeid med Full Force, som då var ei populær hip-hop-gruppe frå Brooklyn. Dei medverka derimot berre med vokalharmoniar, ikkje rap. «Death Is Not the End» vart spelt av Nick Cave i 1996.

I 2007 kalla Rolling Stone Down in the Groove det verste Bob Dylan-albumet.[7] I 2017 la magasinet til at «Dylan-fansen vil for alltid diskutere om kva punkt i karrieren som var det lågaste, men dei fleste set punktet til tida då Down in the Groove nådde butikkhyllene i mai 1988.»[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Let's Stick Together»Wilbert Harrison3:09
2.«When Did You Leave Heaven?»Walter Bullock, Richard Whiting2:15
3.«Sally Sue Brown»Arthur June Alexander, Earl Montgomery, Tom Stafford2:29
4.«Death Is Not the End»Bob Dylan5:10
5.«Had a Dream About You, Baby»Bob Dylan2:53
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Ugliest Girl in the World»Bob Dylan, Robert Hunter3:32
2.«Silvio»Bob Dylan, Robert Hunter3:05
3.«Ninety Miles an Hour (Down a Dead End Street)»Hal Blair, Don Robertson2:56
4.«Shenandoah»Trad. arr. Bob Dylan3:38
5.«Rank Strangers to Me»Albert E. Brumley2:57

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget.[9]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Coke Johnson – lydteknikar
  • Mike Kloster – assisterande lydteknikar
  • Jeff Musel – assisterande lydteknikar
  • Jim Preziosi – assisterande lydteknikar
  • Brian Saucy – assisterande lydteknikar


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Down in the GrooveAllmusic. Henta 7. desember 2018.
  2. Rolling Stone 14. juli 1988, arkivert frå originalen 18. juni 2018, henta 7. desember 2018 
  3. Christgau, Robert. Bob Dylan. Henta 7. desember 2018.
  4. EW Dylan catalog review
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. Brackett, Nathan; with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide. New York, NY: Fireside. s. 262. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 7. desember 2018. 
  7. «Rolling Stone’s 15 Worst Albums By Great Bands». Rolling Stone Magazine. Arkivert frå originalen 2. mars 2014. Henta 7. desember 2018. 
  8. Greene, Andy (2017). Bob Dylan: The Complete Album Guide. New York, NY: Rolling Stone. s. 61. 
  9. «Bob Dylan - Down in the Groove (sleeve)». vinylrecords.ch.