Dozmary Pool

Koordinatar: 50°32′32″N 4°33′01″W / 50.54231°N 4.55022°W / 50.54231; -4.55022
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dozmary Pool
innsjø
Land  Storbritannia
Høgd over havet 268 moh.
Areal 0,149 km²
Kystlengd1 1,5 km
Koordinatar 50°32′32″N 4°33′01″W / 50.54231°N 4.55022°W / 50.54231; -4.55022
Øyar ingen
Kart
Dozmary Pool
50°32′32″N 4°33′01″W / 50.5423°N 4.5502°W / 50.5423; -4.5502
Wikimedia Commons: Dozmary Pool, Cornwall
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Dozmary Pool er ein liten innsjø på Bodmin Moor i Cornwall i Storbritannia, 16,9 km frå havet.[1] Han ligg om lag 15 km nordaust for Bodmin og 2 km sør for Bolventor. Innsjøen har oppstått etter den siste istida. Utsiget frå innsjøen renn til Colliford Lake. Tidlegare var namnet ofte skrive 'Dozmaré'.

Segner[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen vart ein gong hevda å vere heimstaden til Lady of the Lake. I følgje segna var det her kong Arthur rodde ut til Lady of the Lake og fekk sverdet Excalibur. Innsjøen er òg staden der Bedivere gav attende Excalibur då Arthur låg på dødsleiet etter slaget ved Camlann. Ei anna seg knyter Dozmary Pool til Jan Tregeagle. Tregeagle gjer ein pakt med Djevelen for å få pengar og makt. Mot slutten av livet sitt vert han dømd til eit liv i den botnlause Dozmary Pool, der han framleis vert pint. Han fekk i oppgåve å tømme vatn frå Dozmary Pool i eit albogeskjel, men valde å rømme til Roche Rock der han måtte lage tau av sanden i Gwenor Cove.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Data sheet:Dozmary Pool». Arkivert frå originalen 7. juni 2011. Henta 28. mars 2010.