Dragon 32/64

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dragon 32)
Dragon 32/64

ProdusentDragon Data
Typecomputermodell
ProsessorMotorola 6809
Lansert1982

Dragon 32 og Dragon 64 var heimedatamaskiner som vart produsert på 1980-talet av det walisiske selskapet Dragon Data Ltd. Den britiske marknaden for heimedatamaskiner var i eksplosiv vekst, og nye maskiner vart lansert omtrent kvar månad. I august 1982 kasta Dragon Data seg på karusellen med Dragon 32. Dragon 64 kom året etter. Skilnaden på dei to datamaskinane var talet på kilobytes i minnet.

I marknaden for private heimedatamaskiner der spel var ein viktig drivkraft, var Dragon underlegen andre maskiner som Sinclair ZX Spectrum og Commodore 64.

Dragon-maskina var heller ikkje i stand til å vise små bokstavar på ein enkel måte. Dette stengte maskina ute frå skulemaskinmarknaden som i staden vart dominert av den Acorn-bygde BBC Micro.

Som eit resultat av desse avgrensingane, vart ikkje Dragon nokon suksess kommersielt, og Dragon Data kollapsa i juni 1984.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]