Dragon Ball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Dragon Ball logo.PNG

Dragon Ball er ein japansk teikneserie (manga) skriven og teikna av den japanske teikneserieskaparen Akira Toriyama. Kort fortalt handlar serien om ein kampsportkyndig gut, Son Gokū, og livet og opplevingane hans mens han trener seg stadig sterkare.

Dragon Ball vart originalt trykt i det japanske teikneseriebladet Shonen Weekly Jump mellom 1984 og 1995 i vekentlege kapittel på om lag 15 sider kvar. Serien vart tidleg ein stor suksess og er ein av Japans mest selde teikneseriar nokonsinne.

Etter utgjevingane i Shonen Weekly Jump har serien vorte samla i pocketbøker — noko som er vanleg for populære mangaseriar - og består av til saman 42 bøker. Berre i Japan har Dragon Ball selt 120 millionar pocketbøker. Dette tilsvarar omtrent éi bok per japanar. I Noreg vart den første av pocketbøkene omsett og gjeve ut av Schibstedforlaga i mars 2003 som vedlegg til Pondus nr. 3 2003, og det blir gjeve ut ei ny bok i månaden.

Spire Denne teikneserieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.