Drakebåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drake med spinnaker

Drake er ein seglbåttype konstruert av Johan Anker. Med denne konstruksjonen vann han ein konkurranse utlyst av Gøteborgs Kungliga Segel Sällskap i 1928.Formålet med konkurransen var å få fram ein juniorbåt som kunne serieproduserast. Tanken var at ein heller rimeleg båt ville gjere seglsporten tilgjengeleg for fleire.

Deraken er 8,9 meter lang. Breidda er 1,95 meter. Djuptgåande er 1,2 meter. Eit fribord på 0,5 meter gjer han våtsam å segle. Av eit deplasement på 1700 kg ligg 850 kg i jarnkjølen. Båten har stort set vorte bygd med mahognihudeik eller ask. Draken vart populær i Sverige og Danmark før han fekk innpass i Noreg. Her vart den første bygd i 1930. Før andre verdskrigen var det registrert 103 drakar i Noreg. Medan det vart færre av andre seglbåtar under krigen, vert det bygd 25 nye drakar.

I 1946 vart draken godkjend som olympisk båt. Han var med i olympiadane frå 1948 til 1972. Som nykonstruert vart båten kalla ein 20 m2 og fekk talet "20" som seglmerke. Riggen Johan Anker teikna hadde ein liten fokk der halsen var festa langt inn på fordekket og fokkestaget gjekk til om lag midt på masta. Forstaget og akterstaget gjekk til mastetoppen. På slutten av 1930-talet fekk draken større forsegl, genua. Dette saman med innføring av spinnaker gjorde at drakeklassen vart delt.

I 1946 vart Norsk Drakeklubb stifta. Dei fekk teikna ny rigg. Fokkestaget vart flytt forover, slik at det ikkje vart trong for forstag.Seglrealet auka til 22 m2, og det vart lettare å segle med spinnaker. Seglmerket vart "D". Drakar med moderne rigg vart kalla A-Drake. Den originale Anker-draken var heitande B-Drake.

Etter at draken gjekk ut som olympisk båt, og andre båttypar dukka opp, minka interessa for desse båtane. Dei sist ti-åra har mange drakar vore heimehøyrande i Ålesund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jon Winge:Norske trebåter Schibsted Forlag 2007