Drammen Glassverk
Drammen Glassverk var ei verksemd for framstilling av glas. Det vart starta i 1873 under namnet Tangen Glasværk. I 1878 vart det bygd om og ny produksjon starta opp under namnet Drammens Glasværk. Verket vart lagt ned i 1977. Det låg på Tangen i Drammen.[1]
[endre] Historie
Drammen Glassverk vart eigd av det som ei gong heitte Interessentskapet Hurdal, Biri og Hadeland Glasværker og som i 1898 vart til AS Christiania Glasmagasin. Produksjonen av vindaugsglas, flasker og anna bruksglas var i 1895 overflytta frå Hurdal Verk til Drammen Glassverk.
Frå 1890-åra var fabrikken den einaste som laga vindaugsglas i Noreg, og i 1928 tok dei til å maskinprodusera desse med eit Fourcaultanlegg.
Ein trur at kavl mekte med CM var produsert ved Drammen glassverk tidleg på 1900-talet.[2] I 1959 gjekk verket over til elektrisk smelting som eitt av få glasverk i verda.
[endre] Kjelder
- ↑ Drammen byleksikon s 113-114
- ↑ http://www.bestnorwegian.com/cm_marking.html
[endre] Verknad på omgjevnadene
Glassverket førte snart til opprettinga av ein fastskule i nærleiken, og av Glassverket Idrettsforening i 1919.