Drammensbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drammensbrua
DrammenBridgeNorth.JPG
Offisielt namn Drammensbrua
Transporterer Biltrafikk
Kryssar Drammenselva
Veg E18 – 4 felt
Stad Drammen
Lengste spenn 60 m
Total lengd 1 892 m
Seglingshøgd 12 m
Opna 1975

Drammensbrua er ei vegbru i betong som går over Drammenselva i Drammen i Buskerud. Brua opna i 1975, og er den lengste brua i Noreg (2006) med 1892 meter.

Vegbrua kryssar Drammensbanen, som likeeins går på bru over Drammenselva her. Den gamle, einspora jarnbanebrua i stål frå 1930 vart i 1996 avløyst av ei dobbeltspora stålbru, men slik at den gamle einspora brua framleis tek trafikken i den eine retninga over det eine av dei to løpa, Strømsøløpet og Brakerøyløpet, som Drammenselva deler seg i her, med øya Holmen mellom. Den nye einspora brua frå 1996 over Strømsøløpet for trafikken ut frå Drammen stasjon i retninga mot Oslo er 453,0 meter lang, og gamlebrua over Strømsøløpet frå 1930 for trafikken i retninga frå Oslo er 451,1 meter lang. Den dobbeltspora brua over Brakerøyløpet frå 1996 er 341,0 meter lang.

Opprusting og utviding av Drammensbrua[endre | endre wikiteksten]

I 2006 blei den gamle brua rusta opp, og E18 over Drammensbrua fekk fire felt etter at ei ny bru var bygd inntil den gamle oppstraums mot byen. Brua blei kledd med aluminiumsplater på undersida, som skal reflektere lyset frå elva under.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Drammensbrua