Drammensfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drammensfjorden. (Illustrasjon: Finn Bjørklid)
Drammensfjorden sett frå Hyggen i Røyken mot Verket og Svelvik. Foto: Kjetil Lenes

Drammensfjorden er ein om lag 27 km lang fjordAustlandet som har gitt namn til byen Drammen. Han går frå den breie delen av Oslofjorden og nord-nordvestover og dannar vestsida av halvøya Hurumlandet.

10 km inn i fjorden, ved Svelvik, går det ein endemorene kalla Verket ut frå Hurumlandet. Her er fjorden berre 200 meter brei, og mudra opp til 10 meters djup. Innanfor er fjorden opp til 117 meter djup. Her renn Drammenselva ut og dette i lag med innsnevringa gjer at fjorden her består av brakkvatn

Drammensfjorden var for nokre tiår sidan forureina. Kloakkreinsing og endring av industrien i Drammen har derimot ført til at vatnet no er mykje reinare. Laks og sjøaure er derfor igjen å finne i fjorden, Drammenselva og Lierelva. Drammensvassdraget er av dei viktigaste områda for laks i landet, men har hatt probleme med Gyrodactylus salaris.

Drammensvassdraget er det tredje største vassdraget i Noreg, vassdraget ligg i Oppland og Buskerud, og renn ut i havet med Drammenselva. Vassføringen ved utløpet er på om lag 300 m3/s.

Fjorden er kjent frå norrøn tid under namnet Drafn, eit ord ein trur tyder «uklart vatn» eller «bølgjer». Elva som renn ut inst i fjorden blei kalla Drofn, det er hokjønnsbøying av same ordet. Mellom anna fortel Snorre Sturlason i soga om Olav den Heilage at kongen gøymde seg for Knut den mektige i ein sjø som heitte Dramn. På denne tida stod vatnet 4-5 meter høgare i fjorden, slik at vikingskipa kunne segla heilt opp til Vestfossen og Hellefoss.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mellom anna Store Norske Leksikon.