Draup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Draup

SjangerGlasmusikk / Instrumental
MedlemmerLiv-Jorun Bergset og Randi-Merete Roset

Draup er ei musikkgruppe beståande av Liv-Jorun Bergset (fødd 1984) og Randi-Merete Roset (fødd 1984) som begge kjem i frå Stryn i Sogn og Fjordane. Duoen lagar musikk ved å spele på drikkeglas. Begge artistane gjekk musikklinja ved Firda vidaregåande skule og starta allereie der å arrangere og komponere musikk både for glas aleine, men og saman med andre instrument.

TV[endre | endre wikiteksten]

Bergset og Roset deltok i TV-programmet Norske TalenterTV2 i 2008 og enda opp i finale og til slutt på ein 10. plass.[1]

Glas som instrument[endre | endre wikiteksten]

Matias Orheim (1884-1958) er mannen som introduserte glasmusikken i Nordfjord.[2] Salmediktaren og lekpredikanten oppdaga kunsten å spele på glas i Kina, og tok med seg lærdomen heim til Nordfjord. I 1984, i samband med jubileet for markere at det var hundre år sidan Orheim vart fødd, tok kulturskulelærar Bjarte Sætre på seg oppdraget med å spele på glasa til Orheim. Seinare har Sætre laga fleire musikkinstrument beståande av glas (også kalla glasmusikkar) og lært opp unge musikkinteresserte i Stryn.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK Sogn og Fjordane: Draup til finalen
  2. Matias Orheim - Store Norske Leksikon
  3. Draup - Biografi, arkivert frå originalen 14. februar 2015, henta 26. november 2012