Draupne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Draupner)
Draupnir Brunnen i Thale.

Draupne (Draupner; norrønt Draupnir ‘dryparen’) var i norrøn mytologi guden Odin sin vene og magiske gullring.

Kvar niande natt ”dryp” åtte nye ringar ned frå Draupne. Alle er like tunge som Draupne sjølv. Slik er Draupne ei kjelde til endelaus rikdom. Draupne vart laga av dvergane Brokk og Sindre. Dei smidde ringen i høve eit veddemål Loke gjorde med dvergane. Om veddemålet vert det fortald i den yngre Edda. Samstunde smidde dei mellom anna hammaren Mjolne og spydet Gungne.[1]

Balder døydde og skulle brennast på bål tok Odin Draupne av seg og la ringen på Balder sitt bryst. Draupne fylgde med Balder til dødsriket Helheim. Då Hermod var i Helheim for å få Hel til å senda attende Balder lukkast han ikkje i det. I staden fekk Hermod med Draupne attende til Odin.[2].

I Skirnesmål tilbyr tenaren til Frøy, Skirne, Draupne til Gerd Gymesdatter for å få Gerd til å gifta seg med Frøy.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Snorre Sturlason, Skaldskaparmål i Den yngre Edda (Norrøne bokverk 42), Det norske Samlaget (1973) s 110-112
  2. Gylfaginning, Den eldre Edda, s 82
  3. Skirnesmål i Den eldre Edda (Norrøne bokverk 21), Det norske Samlaget (1974), s 49 (vers 21)