Dravle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dravle er eit norsk tradisjonelt mjølkeprodukt, kjend frå heile landet.

Ingrediensar[endre | endre wikiteksten]

Dravle er dei fleste stadene mjølk sprengd med surmjølk under koking, der ostemassen ligg i mysa.[1][2] Andre stader legg ein meir arbeid i dravlekokinga. Mjølka vert innkokt, dvs. at ein «sprenger» mjølka med løype eller kulturmjølk. Når mjølka har skilt seg, tek ein ut noko ostestoff, og lèt resten koka vidare i ein til fire timar. Deretter tilset ein ostestoffet att, og eventuelt litt fløyte. Egg, sukker og kanel er andre moglege ingrediensar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Dravle kan etast frå ei vanleg suppeskål, både til kvardags og fest; varm eller kald. Han kan vera ein eigen rett og kan nyttast som dessert, til ostebord eller ein kan servera han til spekekjøt, vaflar eller lefser.[3][4]

Vossadravle[endre | endre wikiteksten]

Vossadravle er eit produkt laga av Tine SA, opphavleg ved Tine Meieriet Voss,[5] og etter at dette blei lagt ned i januar 2023[6] ved Tine Meieriet i Skjåk.[7] Ingrediensane i Vossadravle er mjølk, kulturmjølk, sukker og fløytemysost.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Andreas Ropeid
  2. Visted/Stigum
  3. Netgen, «Dravle - Meierileksikon hos Melk.no», Melk (på norsk), henta 20. mai 2023 
  4. «Lokalmat - Dravle», www.lokalmat.no (på norsk), henta 20. mai 2023 
  5. «Produktkatalog 2021» (PDF). tine.no. Henta 20. mai 2023. 
  6. «TINE Meieriet Voss legges ned», TINE.no (på norsk), henta 20. mai 2023 
  7. «Produktkatalog 2023» (PDF). tine.no. Henta 20. mai 2023. 
  • Påskrifta på ein boks Vossadravle.
  • Andreas Ropeid: Produksjon og kosthald ved fjorden i NORVEG Folkelivsgransking 19. Norges almenvitenskapelige forskningsråd 1976.
  • Kristoffer Visted og Hilmar Stigum: Vår gamle bondekultur band 2. Oslo 1970.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]