Drevja
Drevja eller Drevjo er ein dal og ei elv i Vefsn kommune i Nordland.
Drevja var i tida 1927 - 1962 ein eigen kommune (kommunenr. 1823). Utanom denne tidbolken har Drevja høyrd til Vefsn kommune.
Drevja er òg eit sokn i Vefsn prestegjeld. Drevja kyrkje vart bygd i 1883.
Namnet Drevja kjem av drøv, som tyder avleiring.[1]
Dalen strekkjer seg frå Drevjaleira til Drevvatnet, mellom fjella Toven i vest og Hellfjellet og Blåfjellet i aust.
Drevjamoen ekserserplass ligg i Øvre Drevja. Lenger ned i Drevja ligg Granmoen med Granmoen bustadfelt og barnehage og skole for 1. til 10. klassetrinn.
Noregs eldste ski er funnen i Drevja. Karbondateringar har synt at skia er frå mellom år 3340 og 2940 f. Kr.
Elva Drevjo er verna i samla plan for vassdrag. Elva er infisert av lakseparasitten Gyrodactilus salaris og laksetrappa ved Forsmoen er stengd.
Referansar [endre]
- ↑ Drevja,1948, av Gunnar Holand.
Literatur [endre]
Vefsn bygdebok særbind VIIa 2006, Gardshistorie for Vefsn (red.:Espen Andresen)