Drevjevisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Drevjevisa er ei nidvise om drevjeværingar, sungen som ein variant av salmen «Al den ganske Kristenhed». Drevjevisa er ikkje ei samanhengande vise, men spreidde einskildvers som hengjer ut folk frå Drevja generelt og somme namngjevne folk frå bygda spesielt.

Det som særmerker visa, er ikkje dei litterære kvalitetane, men det faktum at delar av visa vart nedteikna alt i 1724 i samband med ei rettssak mot dei som hadde dikta visa og skapt allmenn forarging ved å syngje ho i Dolstad kyrkje under gudstenesta juledagen 1722.

Då klokkaren ved ofringa stemde i med den kjende salmen «Al den ganske Kristenhed», sette nokre karar frå Andås, Marka, Kulstad og Hals i med «Drevjevisa». Vi må tru dei overdøyvde klokkaren med songen sin, og bråkmakarane vart tiltalt. Markus Olson frå Andås fekk hovudskulda, han skulle ha dikta det første verset, som i rettsprotokollen frå hausttinget på Sund 1723 som er gjeven att slik:

«Nu kom Drevjemannen fram
Med en Stav tre Alne lang
Deres Kofte er baade vi og si
Og der hang Blå-Hætten attan i
Til Ævig Tid.»

Jon Jonson frå Hals måtte svare for å ha dikta andre verset:

«Hør du nu du gamle Rau
Augen stor og Skolten snau
Deres Kofte er baade vi og si
Og der hang Blå-Hætten attan i
Til Ævig Tid.»

I retten fortalte dei tiltalte at dei hadde høyrd visa sungen på sildfiske i Leirfjorden, i samband med ein krangel om garn som hadde vikla seg i kvarandre. Då dei kom heim, høyrde dei visa var blitt alminneleg, til og med barna i prestegarden nynna på ho, meinte dei.

Dei tiltalte bad i retten om orsaking for at dei av ungdoms lettsinn hadde dikta og sunge på denne visa, og dei lova å aldri syngje drevjevisa eller liknande slemme og ufordragelege viser meir. Retten kom til at visa måtte vere dikta ikkje berre av ein person, men av fleire, ved at «den ene lagt noget til her og en anden der, ligesom enhver har hatt et hadefuldt Hjerte til sin Næste og appellert til». Retten la vekt på at dei tiltalte ved tårer og klage viste hjarteleg anger. Dei vart dømde til å be kyrkjelyden og Gud om tilgjeving ved offentleg skrifte og til å bøte med 2 riksdalar kvar til «De fattige Børns Skoleunderholdning», og dessutan til å dekkje sakkostnadene med 8 skilling kvar.

Det er sidan nedteikna mange ulike vers av visa. Verset som var gjeve att i retten, er på bygdemål nedteikna slik:

«No kjem Drevje-me’n fram
mæ senæ pikstavæ tre æl’n lang.
Gråkofto va både vi og si
og blåhætto hang dar attån i
i juleti.»

På same viset følgjer visa på med vers om kjerringane og småtausene.

Andre variantar, nedteikna i målføre frå Rana, hengjer ut namngjevne folk i Drevjebygda:

«Først da kom han Drevje-Knut
med den mærra han stal herut
Stokken va’ tvær og mærra va’ skjær
så for han all natta og ropa pro mærr
pro mærr pro mærr.
Så kom Per Nilsa fattigmann
han før seg vel tale kan.
Han lova præsten ei møsprømmark
Dersom han ikkje lei mykje knark
før alt sett hark.»

Versemålet høver berre innleiingsvis til salmetonen han skal vere skriven til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]