Driftin' Blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Driftin' Blues
Singel av Johnny Moore's Three Blazers
B-side

«Groovy»

Språk engelsk
Utgjeve Desember 1945
Innspelt Los Angeles
14. september 1945
Sjanger Blues
Lengd 3:12
Selskap Philo (Cat. nr. 112)
Komponist Charles Brown
Tekstforfattar Charles Brown
Låtskrivar(ar) Charles Brown, Johnny Moore, Eddie Williams
Johnny Moore's Three Blazers-kronologi 
«Baby Don't You Cry»
(1945)
Driftin' Blues «You Are My First Love»
(1946)


«Driftin' Blues» eller «Drifting Blues» er ein bluesstandard gjort i vestkyst-bluesstil.[1] Han vart skriven og først spelt inn av Johnny Moore's Three Blazers og vart ein av dei største blueshittane i 1940-åra.[2] I løpet av åra har songen vorte tolka og spelt inn . Den originale «Driftin' Blues» er anerkjend av Blues Hall of Fame og Rock and Roll Hall of Fame.

Originalen[endre | endre wikiteksten]

Johnny Moore's Three Blazers spelte inn «Driftin' Blues» i 1945. Gruppa, stundom kjend som ein «klubb-blues»[3] combo, bestod av Charles Brown (vokal og piano), Johnny Moore (gitar), Eddie Williams (bass) og Johnny Otis (trommer). Songen vart utvikla under dei mange konsertane deira på klubbane i Los Angeles og er tilskriven Brown, Moore og Williams.[2] Songen er ein langsam 12-taktsblues, med Brown på vokal og piano. Brown kommenterte at «det var den første songen er skreiv ned og prøvde å synge».[2] Framføringa deira av songen vart godt teken i mot go førte til platekontrakt med Philo (seinare Aladdin) Records.[2] «Driftin' Blues» vart ein hit go låt 23 veker på Billboard R&B chart.[4] Songen nådde andreplass og stod att som ein av den mestseljande svarte platene i 1945 og 1946.[2]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Sidan songen var populær, tok andre artistar snart til å spele inn songen. Somme følgde originalen, medan andre tolka han forskjellig. Så tidleg som i 1946 spelte ein ung Ray Charles songen regelmessig. Som han kommenterte: «Charles Brown hadde stor innverknad på meg i den tidlege delen av karrieren min, særleg då eg sleit nede i Florida. Eg tenkte mang ein dollar med å imitere han på 'Drifting Blues'. Det var litt av ein song.».[5] I 1950 spelte Lightnin' Hopkins ein heilt annan versjon av songen, berre med seg sjølv på sforsterka gitar. John Lee Hooker gjorde ein liknande versjon i 1961. Billy Eckstine spelte inn songen i 1959 for albumet Basie/Eckstine Incorporated. Chuck Berry spelte inn sin versjon av songen i 1960 for albumet Rockin' at the Hops.

«Driftin' Blues» gjekk igjen inn på listene i 1968 då Bobby «Blue» Bland spelte han inn. Versjonen hans nådde 23. plass og låg elleve veker på R&B-lista.[6] Bland-utgåva nådde òg 96. plass på poplista. På Monterey Pop Festival i 1967 spelte Paul Butterfield Blues Band (med full blåseseksjon) ein ni minuttar lang versjon av songen. Ei anna konsertutgåve, med ein lang gitarsolo, vart spelt inn av Albert King i Fillmore Auditorium i 1968. I 1969 spelte Charles Brown ein oppdatert versjon av «Driftin' Blues».[7] Eric Clapton gjorde fleire versjonar av songen, mellom anna for konsertalbumet E. C. Was Here i 1975 og som ein akustisk song (som «Driftin'») for From the Cradle i 1994.

Lovord[endre | endre wikiteksten]

Songen vart innlemma i Blues Hall of Fame i 1989 i kategorien «Classics of Blues Recordings»[8] og vart med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma Rock and Roll".[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Driftin' Blues» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2011.
  • Herzhaft, Gerard (1992). Encyclopedia of the Blues. University of Arkansas Press. ISBN 1-55728-252-8. 
  • Hannusch, Jeff (1992). Driftin' Blues: The Best of Charles Brown (liner notes). Aladdin CDP-7-97989-2. 
  • Cogdell Dje Dje, Jacqueline; Meadows, Eddie S. (1998). California Soul: Music of African Americans in the West. University of California Press. ISBN 9780520206281. 
  • Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942-1988. Records Research, Inc. ISBN 0-89820-068-7. 
  • Charles, Ray; Ritz, David (2003). Brother Ray: Ray Charles' Own Story. Da Capo Press. ISBN 9780306813351. 
  • Danchin, Sebastian (2001). Earl Hooker: Blues Master. University of Mississippi Press. ISBN 9781578063079. 
  1. Herzhaft 1992, s. 445.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Hannusch 1992, s. 3-4.
  3. Cogdell Dje Dje 1998, s. 225.
  4. Whitburn 1988, s. 299.
  5. Charles 2003
  6. Whitburn 1988, s. 26.
  7. Danchin 2001, s. 298.
  8. «1989 Blues Hall of Fame Inductees». The Blues Foundation. Henta 15. mars 2011. [daud lenkje]
  9. «500 Songs that Shaped Rock and Roll». Rock and Roll Hall of Fame. 2004. Arkivert frå originalen 8. juni 2007. Henta 15. mars 2011.