Drikken rom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå rom.
Ei flaske rom.

Rom er eit brennevin laga av biprodukt frå sukkerproduksjonen, som melasse (rårøyrsirup) og sukkerroesaft, som er gjæra og destillert. Destillatet, ei klår væske, vert lagra på eikefat. Rom vert i hovudsak laga i Karibia og langs Demerara (ei elv i Guyana i Sør-Amerika), men òg i Australia og India. Rom er berømt for sambandet sitt med sjørøveri og den britiske marinen. Det finst mørk rom (brun rom), gyllen rom og kvit rom (som eigentleg har ein klår farge). Mellom dei meste kjente rom-merka er Bacardi og Captain Morgan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rom vart til på sukkerroeplantasjane i Karibia. Slavar på plantasjane var dei første til å oppdage at biprodukt frå sukkerproduksjonen gjæra og vart til alkohol. Seinare vart desse alkoholhaldige biprodukta destillerte for å konsentrere alkoholen og for å fjerne ureiningar, noko som vart til den første ekte rom. Lenge vart rom produsert på enkelt vis og vart sett på som ein drikk for fattige og sjømenn. Seinare, og ikkje minst oppmuntra av spanske myndigheiter, vart produksjonsteknikken for rom kraftig forbetra. To leiande personar i dette arbeidet var den kubanske grunnleggjaren av Bacardi og Juan Serralles, grunnleggjaren av Serralles Distillers, Inc. i Puerto Rico.

Romdrikkar[endre | endre wikiteksten]

Ei blanding av rom og vatn (i varierande proporsjonar) vert kalla grogg, etter den britiske admiralen Edward Vernon, som brukte ein grogram cloak (kappe av et grovt stoff) i dårleg vêr. Grogg vart delt ut i daglege rasjonar til sjømenn i den britiske marinen. Offiserane fekk rom delt ut utan blandevatn.

Andre kjende cocktailar med rom i er bumbo, caipirissima, Cuba libre, daiquiri, Long Island iced tea, mai tai og mojito.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Drikken rom