Drobeta-Turnu Severin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drobeta-Turnu Severin
Teateret i Drobeta-Turnu Severin
Teateret i Drobeta-Turnu Severin
Byvåpenet til Drobeta-Turnu Severin
Byvåpenet til Drobeta-Turnu Severin


Plassering
Drobeta-Turnu Severin is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Mehedinţi
Borgarmeister Gherghe Constantin
Geografi
Flatevidd
 - By

55 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

107 882
  1 961,5 /km²
Koordinatar 44°34′0″N 22°40′0″EKoordinatar: 44°34′0″N 22°40′0″E
Høgd over havet 50 moh
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 220xxx
Retningsnummer (tlf) +40 02 52
Bilnummer MH
Nettstad: www.drobetaturnuseverin.ro

Drobeta-Turnu Severin (/dro'be.ta 'tur.nu se.ve'rin/, ungarsk: Szörényvár, bulgarsk Северин; serbisk: Дробета-Турну Северин) er ein by i Mehedinţi fylke i Oltenia i Romania. Han ligg på venstre sida av Donau, like nedanfor Jernporten. Byen har om lag 105 000 innbyggjarar.

Byen oppstod som ein getisk busetnad, men fungerte seinare i antikken som ein base for dei romerske krigane mot Dakia. Nær byen finst ruinar av Trajanbrua over Donau, som keisar Trajan fekk Apollodoros frå Damaskus til å byggje i år 103. Staden vart øydelagd av hunarane på 400-talet, men gjenoppbygd av keisar Justinianus I (527-565). Namnet på byen kjem frå det latinske namnet Drobetae samt Turnu Severin, det vil seie «Nordtårnet», som viser til tårnet som austromarane bygde på nordsida av Donau. Byen kom i mellomalderen inn under Ungarn, som oppretta eit katolsk sete her. I 1330 kom byen inn under Valakia, som var under osmansk overhøgd frå 1524 til 1829. Valakia vart ein del av Romania i 1861.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]