Drongoar
| Drongoar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Dicruridae | |
| Slekter | ||
| Vitskapleg namn | ||
| Dicruridae | ||
Drongoar er ein biologisk familie Dicruridae av sporvefuglar i tropiske område av Afrika, Asia og Australia. Namnet 'drongo' har opphav frå gassisk på Madagaskar, der det refererer til lokale artar, men i dag brukar ein 'drongo' på mange språk til å referere til heile familien.[1] Familien samlar vanlegvis to slekter, Chaetorhynchus og Dicrurus. Det er berre ein art i slekta Chaetorhynchus, det er papuadrongo, endemisk til Ny-Guinea. Alle andre 24 artar av drongoar er samla i slekta Dicrurus.
Desse insektetande fuglane lever til vanleg i open skog eller krattskog, dei fangar bytte i lufta eller plukkar det frå bakken. Fjørdrakta er svart eller mørkegrå i farga, somme har metalliske nyansar. Stjerten er lang og gaffeldelt, og nokre asiatiske artar har iaugefallande haledekorasjonar. Beina er korte og fuglane sit med mykje oppreist kroppstilling på greiner, omtrent som varslarar. Dragedrongo og vimpeldrongo er hermekunstnarar blant fuglar. Dei kan herme lyden av andre fuglar og nokre dyreartar. Drongoar legg to til fire egg i reir som ligg høgt i tre. Vurdert frå storleiken deira er dei aggressive og uredde fuglar, og drongoar vil åtake mykje større artar om reir eller ungar blir trua.
Familien Dicruridae har mest sannsynleg indomalayisk opphav med kolonisering av Afrika for ca. 15 millionar år sidan. Ein reknar at kryssing av Wallacelinja i Australasia skjedde seinare, for rundt 6 millionar år sidan.[2]
Artslista [endre]
Drongoar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009 [3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [4]
Slekt Chaetorhynchus
- Papuadrongo, Chaetorhynchus papuensis
Slekt Dicrurus
- Tverrhaledrongo, Dicrurus ludwigii
- Glansdrongo, Dicrurus atripennis
- Savannedrongo, Dicrurus adsimilis
- Jungeldrongo, Dicrurus modestus
- Aldabradrongo, Dicrurus aldabranus
- Komordrongo, Dicrurus fuscipennis
- Børstedrongo, Dicrurus forficatus
- Mayottedrongo, Dicrurus waldenii
- Svartdrongo, Dicrurus macrocercus
- Oskedrongo, Dicrurus leucophaeus
- Kvitbukdrongo, Dicrurus caerulescens
- Tjukknebbdrongo, Dicrurus annectans
- Bronsedrongo, Dicrurus aeneus
- Vimpeldrongo, Dicrurus remifer
- Hårdrongo, Dicrurus hottentottus
- Filippinardrongo, Dicrurus balicassius
- Sulawesidrongo, Dicrurus montanus
- Sumatradrongo, Dicrurus sumatranus
- Sundadrongo, Dicrurus densus
- Serpentindrongo, Dicrurus megarhynchus
- Brokadedrongo, Dicrurus bracteatus
- Andamandrongo, Dicrurus andamanensis
- Dragedrongo, Dicrurus paradiseus
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Drongo» frå Wikipedia på engelsk, den 18. november 2010
Referansar [endre]
- ↑ Lindsey, Terence (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 223–224. ISBN 1-85391-186-0.
- ↑ Eric Pasquet, Jean-Marc Pons, Jerome Fuchs, Corinne Cruaud, Vincent Bretagnolle (2007) Evolutionary history and biogeography of the drongos (Dicruridae), a tropical Old World clade of corvoid passerines. Molecular Phylogenetics and Evolution 45:158–167
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar av drongoar hos Internet Bird Collection