Dronning Anne-krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dronning Anne-krigen
Del av den spanske arvefølgjekrigen
QueenAnnesWarBefore.svg
Den europeiske okkupasjonen av Nord-Amerika, 1702
Dato 1702–1713
Stad Nord-Amerika
Resultat Utrecht-traktaten
Partar
Flag of France.svg Frankrike

Flagget til Spania Spania

Mi'kmaq
Abenaki
Caughnawaga Mohawk
Choctaw
Timucua
Apalachee
Natchez

Flag of England.svg England[1]
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia[1]

Muscogee (Creek)
Chickasaw
Yamasee

Irokesarføderasjonen
Kommandantar
Joseph de Zúñiga y Zérda
Daniel d'Auger de Subercase
Philippe de Rigaud, Marquis de Vaudreuil
Joseph Dudley
James Moore
Francis Nicholson
Hovenden Walker
Teganissorens
Tap
Spania: 50–60[2]

Franske koloniar:
Franske indianske allierte: 50[2] Spanske indianske allierte: mange[2]

Storbritannia: 900[2]

Ny-England: 200[2]
Carolina: 150[2]
Indianske allierte: små[2]

Dronning Anne-krigen (1702–1713) var den nordamerikanske krigsskodeplassen i den spanske arvefølgjekrigen og den andre i ei rekkje franske og indianske krigar mellom Frankrike og England (seinare Storbritannia)[1] i Nord-Amerika for kontroll over kontinentet. Den spanske arvefølgjekrigen vart hovudsakleg utkjempa i Europa. I tillegg til dei to hovudpartane, omfatta krigen òg mange indianske stammer, allierte til kvar nasjon og Spania, som var allierte med Frankrike.

Krigen vart utkjempa på tre frontar:

  1. Spansk Florida og den engelske provinsen Carolina som gjekk til åtak på kvarandre, og engelskmennene gjekk til åtak på den franske basen i Mobile som i røynda var ein fullmaktskamp med hovudsakleg indianarar på begge sider. Den sørlege krigen førte til at den indianske populasjonen i Spansk Florida nesten vart utsletta, sjølv om han ikkje førte til særlege endringar i landområda. Det spanske misjonsnettverket i området vart øydelagd.
  2. Dei engelske koloniane i Ny-England kjempa mot franske og indianske styrkar basert i Acadia og Canada. Quebec vart fleire gonger angripen (men aldri teken) av britiske ekspedisjonar, og hovudstaden i Acadia, Port Royal vart teken i 1710. Franskmennene og indianarane utførte raid mot mål i Massachusetts (inkludert dagens Maine), mellom anna raidet på Deerfield i 1704.
  3. Newfoundland kjempa engelske kolonistar basert ved St. John's om kontroll over øya med franskmennene basert i Plaisance. Det meste av konflikten bestod i økonomisk øydeleggande raid mot kvar sine busetnader. Franskmennene klarte å erobre St. John's i 1709, men britane tok han raskt attende etter at franskmennene forlet staden.

Etter ein innleiande fred i 1712, enda Utrecht-traktaten krigen i 1713. Han førte til at franskmennene avstod krava sine til områda Hudson Bay, Acadia og Newfoundland til Storbritannia, medan dei fekk behalde Cape Breton og andre øyar i St. Lawrence-bukta. Somme av vilkåra var fleirtydige, og interessene til dei forskjellige indianske stammene vart ikkje omfatta i avtalen, noko som danna grunnlag for framtidige konfliktar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå den spanske arvefølgjekrigen.

I 1701, etter at kong Karl II av Spania døydde i 1700, braut krigen ut over kven som skulle ta over den spanske trona. Sjølv om krigen først var avgrensa til nokre få stormakter i Europa, vart han i mai 1702 utvida då England erklærte krig mot Spania og Frankrike.[3] Fiendskapen i Nord-Amerika vart ytterlegare tilskynda av mindre usemjer som alt eksisterte i grenseområda mellom koloniane til desse stormaktene. Denne disharmonien var mest merkbar langs den nordlege og sørvestlege grensa til dei engelske koloniane, som då strekte seg frå provinsen Carolina i sør til provinsen Massachusetts Bay i nord, med kolonibusetnader eller handelsstasjonar på Newfoundland og ved Hudsonbukta.[4]

Den totale folkesetnaden i dei engelske koloniane på denne tida er estimert til 250 000, med Virginia og Ny-England som dei dominerande.[5] Dei fleste innbyggjarane budde langs kysten, med mindre busetnader i innlandet, stundom så langt inn som til Appalachane.[6] Dei fleste europeiske kolonistane kjende lite til det indre av kontinentet, vest for Appalachane og sør for Dei store sjøane. Dette området var dominert av indianarar, sjølv om franske og engelske handelsmenn gjekk inn i området. Spanske misjonærar i La Florida hadde oppretta eit misjonsnettverk, og fredleggjorde og omvende mange av dei lokale stammene til kristendom.[7] Den spanske populasjonen var relativt liten (kring 1500), og den indianske populasjonen dei styrte er estimert til å ha vore 20 000.[8] Franske utforskarar hadde funne munningen av Mississippielva, der dei i nærleiken oppretta ein liten kolonibusetnad i 1699 ved Fort Maurepas (nær dagens Biloxi i Mississippi).[9] Frå der byrja dei å opprette handelsruter inn i innlandet, og oppretta venlege forhold med Choctaw, ei stor stamme som mellom anna hadde dei britisk-allierte Chickasaw som naturlege fiendar.[10] Alle desse populasjonane vart til ein viss grad råka av eurasiatiske infeksjonssjukdomar som koppar av tidlege utforskarar og handelsfolk.[11]

Dronning Anne vart oppteken av konflikten under regjeringstida si.

Då franskmennene dukka opp i sør, truga dette dei eksisterande handelsvegane som kolonistane i Carolina hadde oppretta i innlandet, samt dei spanske territorialkrava, noko som skapte spaningar mellom dei tre maktene. Frankrike og Spania, som var allierte i denne krigen, hadde vore på motsette sider i den nyleg avslutta niårskrigen.[12] Territorialkrav mellom Carolina og Florida sør for Savannah River vart dekte av fiendskap over religiøse skilje mellom det romersk-katolske Spania og det protestantiske England langs kysten.[13]

I nord hadde konflikten ei sterk økonomisk side i tillegg til territorialkrava. På Newfoundland låg den britiske kolonien St. John's, og den franske kolonien Plaisance. Begge sidene hadde i tillegg nokre mindre permanente busetnader. Øya vart òg vitja av fiskarar frå Europa til tider av året.[14] Desse kolonistane, som var færre enn 2 000 engelskmenn og 1 000 franskmenn (i tillegg til fiskarane), kjempa mot kvarandre om fiskefelta på Grand Banks, som òg vart nytta av fiskarar frå Acadia (som då omfatta heile dagens Nova Scotia og New Brunswick) og Massachusetts.[15][16] Grenseområdet mellom Ny-Frankrike og Massachusetts (som då omfatta provinsen Maine) var òg utrygg. Det var ein fransk busetnad i Penobscot Bay nær staden der Castine i Maine ligg i dag, som alt hadde vore i konflikt under niårskrigen, og området mellom elvane Penobscot og Kennebec River hadde vorte kjempa om i den krigen.[17] Grenseområda mellom Saint Lawrence River og kystbusetnadane i Massachusetts og New York vart framleis dominerte av innfødde (hovudsakleg abenaki og irokesarar), og Hudson RiverLake Champlain-korridoren hadde òg vorte nytta for ekspedisjonsraid i begge retningar i tidlegare konfliktar. Sjølv om den indianske trugselen hadde minka noko etter at populasjonen deira vart redusert av sjukdommar og den siste krigen, var dei framleis sett på som ein trugsel for fjerntliggande busetnader.[18]

Områda kring Hudsonbukta (som engelskmennene kalla Prince Rupert's Land) var ikkje viktige nok til at dei vart kjempa om i denne krigen. Sjølv om dei hadde vore åstad for mykje strid mellom franske og engelske selskap frå 1680-åra av, let Ryswick-traktaten frå 1697 Frankrike i kontroll over alle utanom ein utpost ved bukta. Den einaste merkverdige hendinga var eit fransk åtak på den utposten, Fort Albany, i 1709.[19][20] Hudson's Bay Company var misnøgde med at Ryswick ikkje hadde gjeve attende områda deira, og klarte med lobbyverksemd å få attende områda sine i forhandlingane som enda denne krigen.[21]

Teknologi og organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Den militære teknologien nytta i Nord-Amerika var ikkje kome like langt som i Europa. Berre nokre få kolonibusetnader hadde festningsverk i stein (mellom andre St. Augustine, Boston, Quebec og St. John's) ved byrjinga av krigen, sjølv om festningsverka til Port Royal vart ferdige tidleg i krigen.[22] Somme landsbyar nær grensene var verna av trepalisadar, men mange hadde lite meir enn forsterka trehus med skyteskår som forsvararane kunne skyte gjennom, og overhengande andreetasjar som dei kunne skyte ned på angriparar som prøvde å bryte inn under.[23] Europearane var som regel utstyrte med glattløpa muskettar som hadde ei maksimal rekkevidd på kring 100 meter, men som var unøyaktige over halvparten av den avstanden. Somme kolonistar hadde òg spyd, medan indianarkrigarane anten fekk forsyningar av europearane eller nytta meir primitive våpen som tomahawkar og pil og boge. Nokre få kolonistar hadde trening i å operere kanonar og andre typar artilleri. Desse var dei einaste effektive våpna mot større forsvarsverk i stein eller tre.[24]

Engelske kolonistar var generelt organiserte i militskompani, og koloniane deira hadde ingen ståande armear[24] utanom nokre fåtal soldatar i somme busetnader i Newfoundland.[25] Dei franske kolonistane var òg organiserte i militsar, men dei hadde òg ein ståande styrke kalla troupes de la marine. Denne styrken bestod av somme erfarne offiserar, og vart bemanna av rekruttar sendt over frå Frankrike. Dei utgjorde mellom 500 og 1200 mann, og var spreidde gjennom områda i Ny-Frankrike med konsentrasjonar i dei større busetnadane.[26] Spansk Florida var forsvart av nokre få hundre stampersonell. Den spanske politikken gjekk ut på å fredeleggjere indianarane i områda og ikkje gje dei våpen. Denne politikken fekk katastrofale følgjer: før krigen var det estimert kring 8 000 indianarar i Florida, men dette vart redusert til 200 etter engelske raid tidleg i krigen.[27]

Krigsforløpet[endre | endre wikiteksten]

Florida og Carolina[endre | endre wikiteksten]

Viktige franske og engelske kolonistar forstod på starten av 1700-talet at kontroll over Mississippielva kunne få ei viktig rolle i den framtidige utviklinga og handelen, og utvikla kvar for seg visjonære planar for å hindre aktivitetane til kvarandre. Den fransk-kanadiske utforskaren Pierre Le Moyne d'Iberville hadde etter den siste krigen utvikla eit «Project sur la Caroline», som gjekk ut på å opprette forhold med dei innfødde i nedslagsfeltet til Mississippi og så påverke dei til å presse engelskmennene bort frå kontinentet, eller i det minste avgrense dei til kystområda. For å klare denne store strategien oppdaga han munningen av Mississippi på ny (som først vart funnen av La Salle i 1670), og oppretta Fort Maurepas i 1699. Frå denne basen og Fort Louis de la Mobile (grunnlagd i 1702),[28] byrja han å opprette forhold med dei lokale Choctaw, Chickasaw, Natchez og andre stammer.[29]

Pierre Le Moyne d'Iberville var viktig i dei franske forsøka på å ta kontroll over Mississippielva og handelen i sør.

Engelske handelsmenn og utforskarar frå Carolina hadde, sidan det vart grunnlagd i 1670, alt oppretta eit omfattande handelsnettverk i den søraustlege delen av kontinentet som strekte seg heile vegen til Mississippi.[30] Leiarane, som hadde lite respekt for spanjolane i Florida, forstod trugselen som franskmennene som hadde kome til kysten utgjorde. Både Joseph Blake, guvernøren i Carolina fram til han døydde i 1700, og James Moore, som overtok etter Blake i 1702, la fram visjonar om å utvide sørover og vestover på kostnad av franske og spanske interesser.[31]

I januar 1702, før krigen braut ut i Europa, hadde Iberville møtt spanjolane og anbefalt dei om at indianarane i Appalachane måtte utrustast med våpen og sendast mot engelskmennene og deira allierte. Spanjolane organiserte ein ekspedisjon under Francisco Romo de Uriza som forlet Pensacola i august for handelssentra i innlandet i Carolina. Engelskmennene, som hadde fått varsel om ekspedisjonen i forkant, organiserte eit forsvar øvst ved Flint River og utsletta den spanske styrken og opp mot 500 indianarar på den spanske sida vart drepne eller fanga.[32]

Då formelle varsel om fiendskapen hadde nådd fram, organiserte guvernør Moore og førte an ein styrke mot Spansk Florida.[33] I 1702 kringsette dei St. Augustine og 500 engelske soldatar og militssoldatar i lag med 300 indianarar erobra og brende ned byen St. Augustine.[34] Engelskmennene klarte ikkje å ta hovudfestninga, og trekte seg attende då ein spansk flåte kom frå Havanna.[33] I 1706 slo Carolina attende eit eit åtak på Charles Town av ein samla spansk og fransk amfib styrke sendt frå Havanna.[35]

Apalachee og Timucua frå Spanish Florida vart meir eller mindre utsletta i ekspedisjonane til Moore som vart kjend som Apalachee-massakren i 1704.[36] Mange av dei overlevande frå desse raida vart flytta til Savannah River, der dei vart innesperra i reservat.[37] Raida bestod av store innfødde styrkar, stundom med nokre fåtal kvite menn, og heldt fram dei neste åra.,[38] inkludert store ekspedisjonar retta mot Pensacola i 1707 og Mobile i 1709.[39][40] Muscogee (Creek), Yamasee og Chickasaw, utrusta og leia av engelskmenn, dominerte desse konfliktane på kostnad av Choctaw, Timucua og Apalachee. Sistnemnde var noko meir fredlege enn Creek og Chickasaw.[37]

Ny-England og Acadia[endre | endre wikiteksten]

Denne ryttarstatuen i Walpole i Massachusetts syner Løytnant Lewis, ein offiser i Dronning Anne-krigen.

I 1703 leia Alexandre Leneuf de La Vallière de Beaubassin, som kommanderte nokre få franske kanadiarar og 500 indianarar, eit åtak mot Ny-England frå Wells til Falmouth (dagens Portland i Maine).[41] Dei drap eller tok til fange meir enn 160 nybyggjarar. I februar 1704 leia Jean-Baptiste Hertel de Rouville 250 Abenaki og Caughnawaga indianarar og 50 franske kanadiarar i raidet på Deerfield i provinsen Massachusetts Bay, og øydela busetnaden, drap og tok til fange mange kolonistar. Meir enn 100 fangar vart tekne på ei reise over fleire hundre kilometer nord til Caughnawaga misjonslandsby nær Montreal, der dei fleste borna som overlevde vart adopterte av Mohawk-folket. Fleire vaksne vart seinare frelsa eller sleppte fri i byte mot andre fangar.[42] Ute av stand til å effektivt stå imot desse raida, tok kolonistane i Ny-England hemn med å setje i gang tokt mot Acadia. Leia av den kjende indianaren Benjamin Church, plyndra ekspedisjonen Grand Pre, Chignecto og andre busetnader.[42] Sjølv om franske forteljingar hevdar at Church prøvde å angripe hovudstaden i Acadia, Port Royal, skildrar Church eit krigsråd som stemnde imot å gå til åtak på hovudstaden.[43]

Raida heldt fram nord i Massachusetts i 1705 og dei engelske kolonistane klarte ikkje å setje opp eit effektivt forsvar. Raida skjedde for raskt til at forsvarsstyrkane klarte å organisere seg, og hemntokt fann stort sett indianarleirane og busetnadane tomme. Det var ein periode med færre raid medan franske og engelske leiarar gjorde forhandlingar—med berre avgrensa suksess—om byte av fangar.[44] Raida til indianarane, stundom med fransk deltaking, heldt fram til slutten av krigen.[45]

I mai 1707 organiserte guvernøren i Massachusetts, Joseph Dudley, eit tokt for å ta Port Royal. Leia av John March klarte ikkje 1600 mann å ta festninga med ei kringsetjing; eit nytt tokt i august vart òg slått attende.[46] Som svar utvikla franskmennene ein ambisiøs plan om å raide dei fleste busetnadane i New Hampshire langs Piscataqua River. Dei fekk derimot ikkje støtta dei trong frå indianarane, og Massachusetts-byen Haverhill vart raida i staden for.[47] I 1709 rapporterte Philippe de Rigaud Vaudreuil, guvernør i Ny-Frankrike, at to-tredjedelar av slettene nord for Boston var utan vakthald på grunn av franske og indianske raid. Frankmennene og indianarane kom attende utan fangar fordi kolonistane i Ny-England hadde halde seg inne i forta sine og ikkje kome ut.[48]

I september 1710 klarte 3600 britar og kolonistyrkar leia av Francis Nicholson omsider å erobre Port Royal etter ei omleiring som varte ei veke. Dette enda offisielt den franske kontrollen over halvøydelen av Acadia (dagens Nova Scotia),[49] sjølv om motstanden heldt fram til slutten av krigen.[50]

Tokt mot Quebec[endre | endre wikiteksten]

Franskmennene i det sentrale området av Ny-Frankrike, Canada, stod imot åtak frå provinsen New York. Dei var motvillige til å hisse opp irokesarane, som dei frykta meir enn britane, og dei hadde gjort fred med dei i 1701. Handelsmenn frå New York var imot å angripe Ny-Frankrike, fordi det ville forstyrre den lukrative pelshandelen med indianarane, og mykje av dette kom via Ny-Frankrike.[51] Trass i forsøka til Peter Schuyler, Albany-kommissæren til indianarane i området, til å få dei med i krigen, klarte irokesarane å halde seg nøytrale gjennom krigen.[52]

Detalj frå eit kart frå 1733 med Walker-ekspedisjonen markert i raudt.

Francis Nicholson og Samuel Vetch fekk noko økonomisk og logistisk støtte frå dronninga og organiserte eit ambisiøst åtak mot Ny-Frankrike i 1709. Planen omfatta eit åtak over land mot Montreal via Lake Champlain og eit sjøbasert åtak med marinestyrkar mot Quebec. Landekspedisjonen nådde sørenden av Lake Champlain, men vart kalla attende då den lovde marinestøtta for åtaket på Quebec aldri vart noko av[53] (desse styrkane vart leidd om for å støtte Portugal). Irokesarane hadde gjort svake lovnadar om å støtte denne handlinga, men heldt attande støtta si fram til det vart klårt at ekspedisjonen kom til å mislukkast. Etter dette nederlaget, reiste Nicholson og Schuyler til London i lag med kong Hendrick og andre indianarhøvdingar for å skape interesse i den nordamerikanske grensekrigen. Den indianske delegasjonen skapte ein sensasjon i London, og dronning Anne gav dei audiens. Nicholson og Schuyler nådde målet sitt og dronninga gav dei støtte slik at Nicholson klarte å ta Port Royal i 1710.[54] Med denne suksessen under beltet reiste Nicholson igjen attende til England, og fekk støtte for eit nytt forsøk på å ta Quebec i 1711.[49]

Planen for 1711 gjekk igjen ut på åtak på både land og til sjøs, men utføringa var ein katastrofe. Ein flåte på 15 linjeskip og transportskip med 5 000 soldatar leia av admiral Hovenden Walker nådde Boston i juni,[49] og dobla folkesetnaden i byen slik at det vart vanskeleg for kolonien og skaffe nok naudsynte forsyningar.[55] Dei segla mot Quebec mot slutten av juli, og ekspedisjonen nådde Saint Lawrence-bukta der fleire skip gjekk på grunn nær munningen av Saint Lawrence i tåka. Meir enn 700 soldatar gjekk tapt og Walker avlyste ekspedisjonen.[56] Samstundes hadde Nicholson reist mot Montreal over land, men hadde berre nådd Lake George då han fekk høyre om ulukka til Walker og vendte attende han òg.[57] Til denne ekspedisjonen støtta irokesarane engelskmennene med fleire hundre krigarar, men dei sendte òg åtvaringar om ekspedisjonen til franskmennene.[58]

Newfoundland[endre | endre wikiteksten]

Denne detaljen frå eit kart frå 1744 syner Avalonhalvøya på Newfoundland, der det meste av konflikten fann stad.

Det låg mange små franske og engelske samfunn langs kysten av Newfoundland, og somme fiskevær var stund okkupert av sesongarbeidande fiskarar frå Europa.[59] Begge sider hadde bygd forsvarsverk kring hovudbyane sine, franskmennene i Plaisance på vestsida av Avalonhalvøya, engelskmennene på St. John's ved Conception Bay.[60] Under Kong Vilhelm-krigen, hadde d'Iberville øydelagde dei fleste engelske samfunna i 1696–1697;[61] og øya vart igjen ei slagmark i 1702. I august det året segla ein engelsk flåte kommandert av Commodore John Leake mot dei fjernliggande franske samfunna, men gjorde ingen forsøk mot Plaisance.[62] I løpet av vinteren 1705 tok den franske guvernøren ved Plaisance, Daniel d'Auger de Subercase, hemn, og leia ein samla fransk og Mi'kmaq-ekspedisjon som øydela fleire engelske busetnader og kringsette Fort William i St. John's utan å lukkast. Franskmennene og deira indianske allierte heldt fram med å plate engelskmennene gjennom sommaren og påførte dei skadar som visstnok skal ha vorte utrekna til £188 000 på engelske busetnader.[63] Engelskmennene sende ein flåte i 1706 som øydela franske fiskeutpostar på nordkysten av øya.[64] I desember 1708 erobra ein samla styrke av franskmenn, kanadiarar og frivillige frå Mi'kmaq St. John's og øydela festningsverka her. Mangel på ressursar gjorde at dei ikkje klarte å halde på staden og St. John's vart gjenerobra og forsvarsverka bygd opp att av engelskmennene i 1709.[65]

Den engelske flåten planla, men utførte ikkje, åtak mot Plaisance i 1703 og 1711.[66]

Fred[endre | endre wikiteksten]

I 1712 erklærte Storbritannia og Frankrike ein våpenkvile og ein endeleg fredsavtale vart signert året etter. Under vilkåra i Utrecht-traktaten frå 1713, fekk Storbritannia Acadia (som dei gav namnet Nova Scotia), suverenitet over Newfoundland, området kring Hudsonbukta og den karibiske øya St. Kitts. Frankrike anerkjende britisk overhøgd over irokesarane,[67] og gjekk med på at handel med indianarane lenger inne i innlandet skulle vere open for alle nasjonar.[68] Dei fekk halde alle øyane i Saint Lawrence-bukta, inkludert Cape Breton Island, og fekk halde på fiskerettane i området, inkludert rettane til tørrfiske på nordsida av Newfoundland.[69]

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Dei sørlege koloniane[endre | endre wikiteksten]

Dei europeiske territoria etter krigen

Spansk Florida klarte aldri å kome seg på fote att verken økonomisk eller folketalsmessig etter krigen,[70] og vart avstått til Storbritannia etter sjuårskrigen med Paris-traktaten i 1763.[71] Indianarane som hadde slått seg ned att langs Atlanterhavskysten sleit under britisk styre, og det same gjorde dei som var allierte med Storbritannia i denne krigen. Denne misnøya blussa opp til Yamaseekrigen i 1715 som var ein stor trugsel til levedugleiken til Sør-Carolina.[72] Det store tapet av innbyggjarar i dei spanske territoria medverka til at provinsen Georgia vart oppretta i 19732, som Carolina vart grunnlagd på område Spania opphavleg hadde gjort krav på.[73] Etter ei militær handling av James Moore mot Tuscaroraene i Nord-Carolina (ein del av Tuscarorakrigen byrja i 1711), flykta mange av dei nordover som flyktningar og slo seg saman med irokesarane.[74]

Den økonomiske kostnaden av krigen var høg i somme av dei sørlege engelske koloniane, mellom anna dei som hadde liten militær aktivitet. Virginia, Maryland, og Pennsylvania vart til ein mindre grad råka av hard av transportkostnadane for å transportere varene sine (hovudsakleg tobakk) til marknadane i Europa, og vart òg råka hardt av særleg dårlege innhaustingar.[75] Sør-Carolina opparbeidde seg ei stor gjeld for å finansiere dei militære operasjonane.[76]

New England[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Massachusetts og New Hampshire var på frontlinja i krigen, vart koloniane i Ny-England råka mindre økonomisk enn andre område. Boston var viktig som eit skipsbyggings- og handelssenter, kombinert med den økonomisk fordel det gav at krona valte å bruke midlar på Quebec-ekspedisjonen i 1711.[76]

Newfoundland og Acadia[endre | endre wikiteksten]

Tapet av Newfoundland og Acadia avgrensa det franske nærværet ved Atlanteren til Cape Breton Island. Dei franske nybyggjarane frå Newfoundland slo seg ned der, og skapte kolonien Île-Royale, og Frankrike bygde festninga Louisbourg dei neste åra.[67] Dette nærværet, i lag med rettane til å nytte kysten av Newfoundland, førte til stadig strid mellom franske og britiske fiskeinteresser, som ikkje vart løyste før seint på 1700-talet.[77] Dei økonomiske følgjene av krigen var store i Newfoundland, der fiskeflåtane vart kraftig redusert.[78] Den britiske fiskeflåten byrja å byggje seg opp att så snart freden var eit faktum.[79] Britane prøvde å hindre spanske skip å fiske i farvatnet kring Newfoundland, som dei tidlegare hadde. Mange spanske skip vart derimot rett og slett flagga under fiktive engelske eigarar for å unngå britiske kontrollar.[80]

At britane erobra Acadia fekk langvarige følgjer for innbyggjarane som budde der. Britane heldt i starten eit lett grep om Nova Scotia, ein situasjon franskmennene og leiarane av Mi'kmaq nytta seg av.[81] Det britiske forholdet til Mi'kmaq etter krigen utvikla seg i takt med den britiske ekspansjonen, som ikkje berre gjekk føre seg i Nova Scotia,[82] men òg langs kysten av Maine, der innbyggjarane i Ny-England byrja å flytte inn i landområda til Abenaki, ofte med å bryte tidlegare avtalar. Sidan verken Abenakiane eller Mi'kmaq var anerkjende i Utrecht-traktaten, gjorde dei begge motstand mot desse fiendtlege inntoga i landområda deira. Denne konflikten var franske intrigeskaparar som Sébastien Rale delaktig i, og det utvikla seg i Dummer-krigen (1722–1727).[83]

Det britiske forholdet til dei nominelt erobra akadiarane var òg vanskeleg. Fleire britiske krav om at akadiarane skulle sverje eid til den britiske krona vart motstått og til slutt førte det til ei utvandring av akadiarar til Île-Royale og Île-Saint-Jean (dagens Prince Edward Island).[84] I 1740-åra hadde franske leiarar som fader Jean-Louis Le Loutre sett i gang ein geriljakrig med sine Mi'kmaq-allierte mot britiske forsøk på å utvide protestantiske busetnader på halvøydelen av Nova Scotia.[85]

Spaning oppstod òg mellom Frankrike og Britain over grensene til Acadia. Avtalen var uklår om kvar grensene gjekk, som ikkje ein gong franskmennene hadde formelt skildra. Frankrike insisterte på at berre den akadiske halvøya (det moderne Nova Scotia utanom Cape Breton Island) var ein del av avtalen, og at dei hadde rettane til det som i dag er New Brunswick.[86] Striden om Acadia, som førte til open krig under Kong George-krigen i 1740-åra, vart ikkje løyst før britane erobra heile det franske Nord-Amerika i sjuårskrigen.[87]

Handel[endre | endre wikiteksten]

Franskmennene føydde seg ikkje heilt etter handelsavgjerslene i Utretch-traktaten. Dei prøvde å hindre engelsk handel med dei fjerntliggande indianarstammene og reiste Fort Niagara på territoriet til irokesarane. Dei franske busetnadane langs kysten av Gulfen heldt fram å vokse og New Orleans vart grunnlagd i 1718. I tillegg gjorde dei andre forsøk, som til slutt ikkje lukkast, på å utvide områda sine inn i det spanskkontrollerte Texas og Florida. Franske handelsnettverk trengte innover kontinentet langs vassvegar som rann ut i Mexicogolfen,[88] og konfliktane med både britane og spanjolane blussa opp att.[89] Handelsnettverk oppretta i nedslagsfeltet til Mississippielva, inkludert Ohiodalen, førte òg franskmennene i kontakt med britiske handelsnettverk og kolonibusetnader som hadde kryssa Appalachane. Motstridande krav om dette territoriet førte til slutt til krig i 1754, då den franske og indianske krigen braut ut.[90]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Queen Anne's War» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2011.
  • Arnade, Charles W (1962). «The English Invasion of Spanish Florida, 1700–1706». The Florida Historical Quarterly 41 (1, July): 29–37. 
  • Bryce, George (1900). The Remarkable History of the Hudson's Bay Company. London: S. Low, Marston & Co. OCLC 11092807. 
  • Cooper, William James; Terill, Tom E (1999). The American South: A History, Volume 1. Lanham, MD: Rowman and Littlefield. ISBN 9780742560949. OCLC 227328018. 
  • Covington, James (1968). «Migration of the Seminoles into Florida, 1700–1820». The Florida Historical Quarterly 46 (4, April): 340–357. 
  • Crane, Verner W (1919). «The Southern Frontier in Queen Anne's War». The American Historical Review 24 (3, April): 379–395. 
  • Craven, Wesley Frank (1968). The Colonies in Transition: 1660–1713. New York: Harper & Row. OCLC 423532. 
  • Drake, Samuel Adams (1910) [1897]. The Border Wars of New England. New York: C. Scribner's Sons. OCLC 2358736. 
  • Eccles, William J (1983). The Canadian Frontier, 1534–1760. Albuquerque, NM: UNM Press. ISBN 9780826307064. OCLC 239773206. 
  • Griffiths, Naomi Elizabeth Saundaus (2005). From Migrant to Acadian: a North American Border People, 1604–1755. Montreal: McGill-Queen's University Press. ISBN 9780773526990. OCLC 180773040. 
  • Higginbotham, Jay (1991) [1977]. Old Mobile: Fort Louis de la Louisiane, 1702–1711. Tuscaloosa, AL: University of Alabama Press. ISBN 9780817305284. OCLC 22732070. 
  • Leckie, Robert (1999). A Few Acres of Snow: the Saga of the French and Indian Wars. New York: John Wiley. ISBN 9780471246909. OCLC 39739622. 
  • MacVicar, William (1897). A Short History of Annapolis Royal: the Port Royal of the French, From its Settlement in 1604 to the Withdrawal of the British Troops in 1854. Toronto: Copp, Clark. OCLC 6408962. 
  • Marshall, Bill; Johnston, Christina (2005). Frankrike and the Americas: Culture, Politics, and History. Oxford: ABC-Clio. ISBN 9781851094110. OCLC 264795152. 
  • Newman, Peter C (1985). Company of Adventurers: The Story of the Hudson's Bay Company. Markham, ON: Viking. ISBN 0670803790. OCLC 12818660. 
  • Oatis, Steven J (2004). A Colonial Complex: South Carolina's Frontiers in the Era of the Yamasee War, 1680–1730. Lincoln, NB: University of Nebraska Press. ISBN 9780803235755. OCLC 470278803. 
  • Parkman, Francis (1892). A Half-Century of Konflikt, Volume 1. Boston: Little, Brown. OCLC 767873. 
  • Parkman, Francis (1897). Montcalm and Wolfe: Frankrike and England in North America, Volume 1. Boston: Little, Brown. OCLC 7850560. 
  • Peckham, Howard (1964). The Colonial Wars, 1689–1762. Chicago: University of Chicago Press. OCLC 1175484. 
  • Plank, Geoffrey (2001). An Unsettled Conquest. Philadelphia: University of Pennsylvania Press. ISBN 9780812218695. OCLC 424128960. 
  • Pope, Peter Edward (2004). Fish Into Wine: The Newfoundland Plantation in the Seventeenth Century. Chapel Hill, NC: University of North Carolina Press. ISBN 9780807829103. OCLC 470480894. 
  • Prowse, Daniel Woodley (1896). A History of Newfoundland: from the English, Colonial, and Foreign Records. London: Eyre and Spottiswoode. OCLC 3720917. 
  • Reid, John; Basque, Maurice; Mancke, Elizabeth; Moody, Barry; Plank, Geoffrey; Wicken, William (2004). The 'Conquest' of Acadia, 1710: Imperial, Colonial, and Aboriginal Constructions. Toronto: University of Toronto Press. ISBN 9780802037558. OCLC 249082697. 
  • Rodger, N. A. M (2005). The Command of the Ocean: a Naval History of Britain, 1649–1815, Volume 2. W. W. Norton. ISBN 9780393060508. OCLC 186575899. 
  • Shurtleff, Nathaniel Bradstreet (1871). A Topographical and Historical Description of Boston. Boston City Council. OCLC 4422090. 
  • Stone, Norman (ed) (1989). The Times Atlas of World History (Third ed.). Maplewood, NJ: Hammond. ss. 161, 165. ISBN 0723003041. 
  • Thomas, Alan Clapp (1913). A History of England. Boston: D. C. Heath. OCLC 9287320. 
  • Waselkov, Gregory A; Hatley, M. Thomas (2006). Powhatan's Mantle: Indians in the Colonial Southeast. University of Nebraska Press. ISBN 9780803298613. OCLC 266703190. 
  • Weber, David. The Spanish Frontier in North America. New Haven: Yale University Press. ISBN 9780300059175. 
  • Winsor, Justin (1887). Narrative and Critical History of America, Volume 5. Boston: Houghton Mifflin. OCLC 3523208. 
  • Wright, J. Leitch, Jr (1971). Anglo-Spanish Rivalry in North America. Athens, GA: University of Georgia Press. ISBN 9780820303055. OCLC 213106. 
  1. 1,0 1,1 1,2 I 1707 vart kongedøma England og Skottland samla som Storbritannia, og delte eit enkelt parlament i Westminster under Act of Union 1707. Etter dette slo dei skotske troppane seg saman med den engelske motparten i alle kolonikrigane.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Most casualties numbers are as reported in Peckham, s. 74. Notably missing are Acadian and Newfoundland casualties, and he does not attempt to quantify Indian casualties.
  3. Thomas, s. 405–407
  4. Stone, s. 161, 165
  5. Craven, s. 288
  6. See e.g. the map in Winsor, p. 341, showing a 1687 map of the southeastern colonies
  7. Weber, s. 100–107
  8. Cooper and Terrill, s. 22
  9. Weber, s. 158
  10. Crane, s. 385
  11. Waselkov and Hatley, s. 104
  12. Weber, s. 158–159
  13. Arnade, s. 32
  14. Drake, s. 115
  15. Pope, s. 202–203
  16. Drake, s. 115,203
  17. Drake, s. 36
  18. Drake, s. 150
  19. Newman, s. 87,109–124
  20. Bryce, s. 58
  21. Newman, s. 127–128
  22. Shurtleff, s. 492; MacVicar, s. 45; Arnade, s. 32; Prowse, s. 211,223
  23. Leckie, s. 231
  24. 24,0 24,1 Peckham, s. 26
  25. Prowse, s. 223
  26. Peckham, s. 27
  27. Wright, s. 65
  28. Peckham, s. 58
  29. Waselkov and Hatley, s. 105–137
  30. Crane, s. 382
  31. Crane, s. 380
  32. Oatis, s. 49–50
  33. 33,0 33,1 Arnade, s. 33
  34. Winsor, s. 318
  35. Winsor, s. 319
  36. Arnade, s. 35–36
  37. 37,0 37,1 Covington, s. 340
  38. Arnade, s. 36
  39. Crane, s. 390
  40. Higginbotham, pp. 308–312,383–385
  41. Peckham, s. 62
  42. 42,0 42,1 Peckham, s. 64
  43. Drake, s. 202
  44. Peckham, s. 65
  45. See e.g. Drake, s. 286–287
  46. Peckham, s. 67
  47. Drake, s. 238–247
  48. Eccles, s. 139
  49. 49,0 49,1 49,2 Peckham, s. 71
  50. Parkman (1892), s. 184
  51. Parkman (1892), s. 8–14
  52. Parkman (1892), s. 14
  53. Peckham, s. 69
  54. Peckham, s. 70
  55. Rodger, s. 129
  56. Peckham, s. 72
  57. Drake, s. 281
  58. Eccles, s. 136
  59. Prowse, s. 277–280
  60. Prowse, s. 223, 276
  61. Prowse, s. 229
  62. Prowse, s. 235
  63. Prowse, s. 242–246
  64. Prowse, s. 246–248
  65. Prowse, p. 249
  66. Prowse, s. 235–236
  67. 67,0 67,1 Peckham, s. 74
  68. Marshall, s. 1155
  69. Prowse, s. 258
  70. Weber, s. 144–145
  71. Weber, s. 199
  72. Weber, s. 166
  73. Weber, s. 180
  74. Peckham, s. 75
  75. Craven, s. 301–302
  76. 76,0 76,1 Craven, s. 307–309
  77. Prowse, s. 282
  78. Prowse, s. 251
  79. Prowse, s. 274
  80. Prowse, s. 277
  81. Plank, s. 57–61
  82. Griffiths, s. 286
  83. Plank, pp. 71–79
  84. Griffiths, s. 267–281, 393
  85. Griffiths, s. 390–393
  86. Peckham, s. 84
  87. See e.g. Parkman (1897) for the later history of British-Acadian konflikt.
  88. Weber, s. 184
  89. Peckham, s. 82
  90. Parkman (1897), s. 133–150