Dronning Ragnhild Sigurdsdotter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dronning Ragnhild sin draum. Illustrasjon til Heimskringla

Ragnhild Sigurdsdotter (Ragnhildur Sigurðardóttir) var gift med Halvdan Svarte. Ho var barn av Sigurd Hjort Helgesson (ca. 810 -) og Tyrne Haraldsdotter (ca. 822 -). Ho vart fødd om lag år 840, på Ringerike, og døydde om lag 858.

Saman med Harald Svarte fekk ho Harald Hårfagre, om lag år 850.

Snorre fortel i Heimskringla, i soga om Halvdan Svarte, om Ragnhild sin draum før Harald vart fødd:

«Dronning Ragnhild drøymde store draumar; det var ei klok kvinne. Ein av draumane hennar var det, at ho stod i hagen sin og tok ein torn or serken sin, og medan ho heldt i den, voks tornen slik, at de vart ein stor tein, so den eine enden naadde ned i bakken og røtte seg med det same, men den andre enden av treet nådde høgt upp i lufta. Deretter tykte ho treet var so stort, at ho knappast kunne sjå oppover det, og de var uhorveleg digert. Nedste luten av treet var raud som blod, men leggen oppetter var fager grøn, men greinene var snøkvite. De var mange store kvister på treet, somme lengre oppe, somme lenger nede. Greinene på treet var så store, at ho tykte dei breidde seg ut over heile Noreg og endå lenger..»

Draumen kan tolkast som eit varsel om sonen som skulle verta fødd. Den grøne stamma var eit teikn på eit blømande rike. Øvst var treet kvitt, noko som kunne tyda på at han ville verta gamal og kvithåra. Mange kvister og greiner på treet varsla om at han ville få mange avkom, som ville verta spreidd utover heile landet.