Sonja av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dronning Sonja av Noreg)
Gå til: navigering, søk
Sonja av Noreg
Sonja of Norway-Agencia Brasil.jpg
Dronning Sonja av Noreg (7. oktober 2003)
Dronning av Noreg
Fødenamn Sonja Haraldsen
Fullt namn Sonja
Titlar Kronprinsesse av Noreg (1968-1991)
Dronning av Noreg
Fødd 1937-07-044. juli 1937, Oslo i Noreg
Ektefelle Harald V
Far Karl August Haraldsen
Mor Dagny Haraldsen
Born Märtha Louise av Noreg
Haakon Magnus av Noreg

Dronning Sonja av Noreg (fødd 4. juli 1937) er dronninga av Noreg sidan 1991. Ho er gift med kong Harald V av Noreg.

Sonja blei fødd i Oslo som Sonja Haraldsen, dotter til Dagny (18981994) og Karl August Haraldsen (18891959). Ho vart gift med kronprins Harald den 29. august 1968, og vart då kronprinsesse Sonja.

Innhaldsliste

[endre] Utdanning

Sonja Haraldsen voks opp på Vinderen i Oslo og tok realskule-eksamen i 1954. Ho utdanna seg i kjole- og draktsaum ved Oslo yrkesskule. Deretter reiste ho til Sveits og tok eksamen ved l'Ecole Professionelle de jeunes Filles i Lausanne. Undervisinga omfatta òg samfunnsfag, rekneskap og moteteikning. Seinare tok dronninga artium som privatist. Etter å ha avlagt eksamen i faga fransk, engelsk og kunsthistorie ved Universitetet i Oslo fekk ho tittelen cand. mag.

[endre] Ekteskap

Sonja Haraldsen møtte kronprins Harald fyrste gong i 1959. Ni år seinare vart det klart at ho fekk gifta seg med sin utvalde. I mars 1968 kom meldinga om at kong Olav hadde gjeve løyve til at kronprinsen fekk gifta seg borgarleg. Trulovinga gav støyten til eit ordskifte om monarkiet si framtid i Noreg. Motstanden mot at kronprinsen gifta seg borgarleg var langt mindre enn mange hadde frykta. Kronprinsesse Sonja vart frå fyrste stund godteke av folket som medlem av det norske kongehuset. Den 29. august 1968 stod bryllupet i Oslo Domkyrkje. I høve med vigsla vart kronprinsessa òg tildelt Storkrossen av St. Olavs Orden.

[endre] Dronning

Då kong Olav V døydde den 17. januar 1991, overtok kronprins Harald som konge. Sonja vart då den fyrste dronninga i Noreg på 53 år. Etter at dronning Maud av Noreg døydde i 1938 hadde det ikkje vore ei norsk dronning. Dronning Sonja var med kong Harald då han avla eid til forfatninga i Stortinget den 21. januar 1991. For fyrste gong på 69 år var ei dronning til stades i Stortingssalen. Seinare har dronninga vore med når kongen har lese Trontala under den høgtidelege opninga av Stortinget. Etter eige ynskje vart kongeparet signa i Nidarosdomen i Trondheim den 23. juni 1991.

[endre] Prisar og utmerkingar

Som dei andre medlemmene av den norske kongefamilien er dronning Sonja fadder for ei rekkje organisasjonar. I 1982 blei kronprinsessa tildelt Nansenprisen, og i 1984 fekk ho Peer Gynt-prisen. I 2003 vann Dronning Sonja Petter Dass-medaljen for å med stoltheit ha vist fram Nord-Noreg. I 2005 vart ho tildelt Holmenkollmedaljen for innsats for Holmenkollen og skiidrett.

Sonja er den første dronninga nokonsinne som har vitja Antarktis. Dette skjedde i 2005, då ho opna ein norsk forskingsstasjon i Dronning Maud Land.

Born:

Prinsesse Märtha Louise fødd 1971
H.K.H. Kronprins Haakon, fødd 1973

[endre] Galleri

Sonja av Noreg

[endre] Bakgrunnsstoff

Mal:Commoncat

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk